Genil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Genil
elv
Genil en ecija.jpg
Land Flag of Spain.svg Spania
Nedslagsfelt 8 278 km²
Lengd 358 km
Middelvassføring 1,5 /s
Kjelde Sierra Nevada
 - høgd 1 800 moh.
Munning Guadalquivir
 - høgd 44 moh.
Wikimedia Commons: Genil River

Genil er den største sideelva til Guadalquivir frå venstre i Andalucia i Spania. Ho er 358 km lang.

I romartida var namnet på elva Singilis, og det moderne namnet på elva kjem frå den mauriske utgåva av romarnamnet, Sinyil, Sannil og Sinnil.

Elva spring ut i Sierra Nevada nord for den høgaste toppen, Mulhacén. Genil renn gjennom byane Granada, Loja, Puente Genil og Écija. Ho munnar ut i Guadalquivir nær Palma del Río. Ved munningen er elva 41 meter brei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]