Granada
Granada | |||||
---|---|---|---|---|---|
Granada | |||||
| |||||
Kallenamn «Solbyen» | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | ![]() | ||||
Autonom region | Andalucía | ||||
Provins | Granada | ||||
Borgarmeister | |||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
88 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
237 929 2 703,7 /km² | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 738 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 18000 | ||||
Telefon-retningsnummer | 968 | ||||
Nettstad: www.ayto-murcia.es |
Granada er ein by i Andalucía, sør i Spania. Byen ligg ved foten av fjellrekkja Sierra Nevada. Han er provinshovudstad i provinsen Granada.
Byen har kring 240 000 innbyggjarar; kring 60 000 av desse er studentar. Universitetet i Granada vart grunnlagt i 1531 av kong Karl I av Spania, og er rekna som eit av dei mest presisjefylte universiteta i landet.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Eldre tider[endre | endre wikiteksten]
Byen har vore busett sidan starten på historisk tid. Det fanst ein keltiberisk busetnad her, som fekk kontakt med fønikarane, kartagenarane og dei gamle grekarane. På 400-talet fvt. oppretta grekarane ein koloni dei kalla Elibyrge eller Elybirge (gresk skrift Ἐλιβύργη) på staden. Under romersk styre dei siste hundreåra f.Kr., hadde namnet vorte Illiberis. Som Illiberis fekk byen prege sine eigne myntar. Vestgotarane opprettheldt byen som eit viktig senter for både kyrkja og borgarleg forvalting, og forsterka forsvarverket i byen. Byen låg òg under Austromarriket i 60 år.
Eit jødisk samfunn vart oppretta som ein forstad til byen og fekk namnet Gárnata eller Gárnata al-yahud («Granadaen til jødane»). Det var med hjelp av dette samfunnet at dei mauriske styrkane først tok byen i 711, sjølv om han ikkje var fullstendig sikra før i 713. Dei kalla byen det iberiske namnet Ilbira, medan den resterande kristne busetnaden kalla han Elvira og han vart hovudstad i ein provins i Cordoba-kalifatet. Borgarkrigar som øydela kalifatet tidleg på 1000-talet førte til at byen vart øydelagd i 1010. Under gjenoppbygginga vart forstaden Gárnata (arabisk skrift غرناطة) innlemma i byen og det moderne namnet kjem frå denne forstaden. Då Zirid-dynastiet tok over byen i 1013 vart Granada ein del av det sjølvstendige emiratet Taifaen Granada. Mot slutten av 1000-talet hadde byen spreidd seg over Darro og nådd staden der Alhambra ligg i dag.
Nasrid-emiratet Granada[endre | endre wikiteksten]
I 1228, då Almohad-prinsen Idris forlet Iberia for å ta over som leiar av Almohad, tok den ambisøse Ibn al-Ahmar over og oppretta det mest langvarige muslimske dynastiet på Den iberiske halvøya - nasridane. Då Reconquista kom i full sving etter erobringa av Cordoba i 1236, stilte nasridane seg på side med Ferdinand III av Castilla, og vart offisielt ein vasallstat i 1228. Staten vart offisielt «Emiratet Granada» i 1238.
Granada var verande ein vasall under Castilla i fleire tiår og gav dei høve til handel med den muslimske verda, særleg gullhandel frå områda like sør for Sahara. Nasridane gav òg Castilla soldatar, samt leigesoldatar frå Nord-Afrika.
2. januar 1492, overgav den siste muslimske sultanen i Iberia, Muhammad XII, kjend som Boabdil for spanjolane, seg og gav frå seg Granada til Ferdinand og Isabella, Los Reyes Católicos («dei katolske monarkane»), etter å ha omleira byen.
Dei viktigaste nasrid-herskarane i Granada var:
- Mohammed I ibn Nasr (døydde i 1273), grunnla dynastiet
- Yusuf I (1334–1354)
- Muhammed V (1354–1391), bygde kongepalasset i Alhambra
- Muhammad XII av Granada, den siste i dynastiet, overgav seg i 1492. Han fekk styre over Alpujarras-fjella aust for Granada, men reiste til Tlemsen i Marokko.
Granada etter 1492[endre | endre wikiteksten]
Erobringa av det muslimske Granada av styrkane til Ferdinand og Isabella er ein av dei viktigaste hendingane i historia til Granada. Fredsavtalen gjorde at dei muslimske innbyggjarane i byen skulle få halde fram å bu fritt i byen og få halde både trua og skikkane sine. I 1499 vart derimot kardinal Francisco Jiménez de Cisneros frustrert på den første erkebiskopen i Granada Fernando de Talavera, som han meinte var for treg med å prøve å vende om muslimane. Han innførte derfor eit ein plan for å få døypt muslimane med tvang. Planen til Cisneros var eit brot på fredsavtalen og dette provoserte eit væpna opprør i Alpujarras, ein landleg region sørvest for byen. Som svar på opprøret, i 1501, oppheva den kastiljanske krona avtalen og kravde at muslimane i Granada anten skulle konvertere eller flytte ut. Mange valde å flytte til Nord-Afrika, særleg av den muslimske eliten, men dei fleste muslimane i byen valde å konvertere til kristendom, medan dei heldt fram å dyrke islam i løyndom. Desse vart moriscoar, katolske etterkomarar av maurarane.
I løpet av 1500-talet fekk Granda eit gradvis meir kristent og kastiljansk preg då folk frå andre delar av Den iberiske halvøya flytta hit. Moskeane i byen vart omdanna kyrkjer. Nye bygg, som katedralen og Chancilleríaen, omdanna det urbane landskapet. Etter 1492 vart den jødiske populasjonen i Spania driven bort.
Fallet til Granada markerte slutten på den åttehundre år lange periode med islamsk styre på Den iberiske halvøya.
Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]
På 1200- og 1300-talet vart slotts- og borgområdet Alhambra bygd, komplett med hagar og palass. Området er kjent for sin arkitektur, og er teke med på UNESCO si liste over verdsarv saman med den arabiske gamlebyen Albaicín.
Kjende folk frå Granada[endre | endre wikiteksten]
- Judah ben Saul ibn Tibbon (1120-1190), medisinar og omsetjar
- Al-Zuhri (1100-talet), geograf
- Ibn Sa'id al-Maghribi (1213-1286), geograf, historikar og diktar
- Álvaro de Bazán (1526-1588), admiral
- Alonso Cano (1601-1667), målar, bilethoggar og arkitekt
- Pedro de Mena (1628-1688), bilethoggar
- José de Mora (1642-1724), bilethoggar
- Francisco Martínez de la Rosa (1787–1862), statsmann og diktar
- Ángel Ganivet (1865–1898), forfattar
- Mariana Pineda (1804–1831), liberalisthelt
- Eugenia de Montijo (1826–1920), den siste keisarinna i Frankrike
- Emilio Herrera Linares (1879-1967), militæringeniør og fysikar
- Melchor Fernández Almagro (1893–1966), kritikar, historikar og journalist
- Federico García Lorca (1898–1936), forfattar
- Francisco Ayala (1906-2009), forfattar og kritikar
- José Tamayo (1920-2003), regissør
- Manuel Jiménez de Parga (f. 1929), diplomat, jurist, og politikar
- Miguel Ríos (f. 1944), rockemusikar
- Manuel Orantes (f. 1949), tennisspelar
- María José Rienda Contreras (f. 1975), skiløpar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Granada» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
