Sierra Nevada i Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sierra Nevada
Fjellkjede
Sierra Nevada
Land  Spania
Region Andalucia
Høgaste punkt Mulhacén
 - høgd 3 478 moh.
 - koordinatar 37°03′12″N 03°18′41″E
Orogenese Den alpine
Periode Tertiærtida
Kart
Sierra Nevada i Spania
37° N 3° W
Plasseringa til Sierra Nevada
Plasseringa til Sierra Nevada
Plasseringa til Sierra Nevada
Wikimedia Commons: Sierra Nevada (Spain)
Skisenteret

Sierra Nevada, som tyder 'dei snødekte fjella' på spansk, er ei fjellkjede i regionen Andalucia i Spania. Her ligg det høgaste fjellet på det spanske fastlandet, med ei høgd på 3478 meter over havet.

Fjellkjeda er ein populær turistdestinasjon. Her ligg det sørlegaste skisenteret i Europa, i eit område ved Middelhavet som er kjend for varmt vêr og mykje sol. Ved foten av fjella ligg byen Granada og like ved ligg Málaga og Almería.

Delar av fjella er ein del av Sierra Nevada nasjonalpark. Fjella har vorte erklært eit biosfærereservat. Eit observatorium, Sierra Nevada observatorium, ligg på nordsida av fjellet, om lag 2800 meter over havet.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Sierra Nevada vart skapt under den alpine orogenesen, som danna dei europeiske Alpane i aust til Atlasfjella i Nord-Afrika i sørvest. Fjella vart skapt i tertiærperioden (65 til 1,8 millionar år sidan) ved at den afrikanske plata kolliderte med den eurasiatiske plata.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sentralt i fjellkjeda går ein rygg frå vest-sørvest til aust-nordaust. Ein langt strekke av denne ryggen held seg over 3000 meter over havet.

På sørsida av fjella fører fleire lange, men smale elvedalar mot sørvest mellom fleire mindre fjellkjeder.

På den brattare og klippefulle nordsida går dalane i forskjellige retningar. Denne sida er dominert av Rio Genil som spring ut nær Mulhacén og som har mange sideelvar som òg spring ut i fjella.

Høgaste fjell[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°05′N 3°10′W