Geoglyf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nazcalinjene er kjende geoglyfar, «jordteikningar», i ørkenområda i Peru. Denne føresteller ein kolibri.
Satellittbilete av Den kvite hesten frå Uffington, geoglyf frå oldtida som strekkjer seg over åsane i Berkshire i England.

Ein geoglyf er ein stor figur eller teinking på bakken. Han er markert med linjer og flater danna av steinar, grus, jordhaugar og liknand eeller ved å fjerne eller erstatte overflata med material av annan farge. Geoglyfar varierer i motiv og storleik, men stammar ofte frå førhistorisk tid. Nokre er berre synlege frå lufta eller på avstand.

Døme på geoglyfar er Nazcalinjene i den tørre Nazcaørknenen i Peru, store dyrefigurer laga av føregjengarane til inkaindianarane før 800 e.Kr., og kvite hestaer og andre grafiske figurar i England. Marree Man eller Stuarts kjempe er ein moderne geoglyf som vart oppdaga i Australia i 1998. Figuren er 4,2 km høg og førestiller ein aborigin. Opphavet er ukjent. På 1960- og 70-talet var det dessuten stadkunst der naturen inngjekk som kunstverk eller kulisse. Òg arkitektur, by- og vegplaner kan formast som geoglyfar og teikningar i landskapet sett ovanfrå.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Stadkunst, amerikansk kunstretning frå 1960-talet der naturen inngår som kunstverk eller kulisse
  • Kornsirkel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]