Kornsirkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein kornsirkel er ein type geoglyf («jordteikning») i form av ein geometrisk formasjon som er danna ved at felt av planter, til dømes kornet i ein åker, blir lagt ned. Trass i namnet er dei ikkje alltid sirkelrunde. Det er ikkje kjent nøyaktig når fenomenet oppstod, men mengder dokumenterte tilfelle har auka markant frå 1970-talet og fram til i dag, ikkje minst i delar av England.

Opphavet og årsaka til kornsirklane, som tilsynelatande kan oppstå spontant om natta og ofte dannar avanserte grafiske figurar, er for mange eit mysterium. Fleire har foreslått overnaturlege forklaringar og blant anna tolka teikningane som meldingar frå utanomjordiske vesen. Den mest kjende metoden for sjølv å lage ein kornsirkel er å bruke eit langt tau som i den eine enden blir festa til ein staur eller eit anna fast punkt og i den andre til ein planke som blir til brukt å presse plantene ned og lage mønster i åkeren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia om The Mowing-Devil («slåttedjevelen») frå 1678 knytast ofte til kornsirkelfenomenet sjølv om kornet vart slått og ikkje bøygd i påfallande formasjonar.

Det er visse ting som tyder på at kornsirklar kan ha funnest før 1900-talet, til dømes den såkalla The Mowing-Devil («Slåttedjevelen») frå 1678. Det er likevel viktige skilnader mellom denne historia og moderne kornsirklar. Historia om «Slåttedjevelen» handlar ikkje om at at planter blir lagt ned, men om slått av ein kornåker i samband med ein disputt. Det vart heller ikkje rapportert om geometriske formasjonar.

Opningsseremonien til Dei olympiske leikane i London i 2012 viste filmopptak av to stader med kornsirklar forma som dei olympiske ringane og plassert slik at dei kunne sjåast frå passerande tog.

Utanomjordisk kontakt?[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike teoriar om kven som står bak, og kvifor kornsirklane oppstår. Fleire UFO-forskarar[1], både norske og utanlandske, meiner at kornsirkelfenomenet er spennande og interessant, og nokre hevdar at det ikkje kan vere menneske som står bak alle sirklane. Det verserer òg påstandar om at lysande kular er vorte sett i nærleiken når kornsirklar dannast.[2]

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det eksisterer ei rekkje pseudovitskaplege forklaringar på korleis kornsirklar oppstår, herskar det i vitskaplege kretsar semje om at dei er skapt av menneske.[3][4][5]

I 1991 stod engelskmennene Doug Bower og Dave Chorley fram og påsto at dei hadde starta fenomenet i 1978 ved å lage faktiske sirklar i kornåkrar ved bruk av enkle verktøy.[6] Etter å ha stått fram med dette, viste dei to mennene korleis dei kunne lage ein kornsirkel på éin time.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. UFO konferanse i Bergen, oktober 2012
  2. Introduksjon til kornsirkelfenomenet/Norsk Kornsirkelgruppe
  3. – Bare sludder Rogalands Avis
  4. Joe Nickel Circular Reasoning: The 'Mystery' of Crop Circles and Their 'Orbs' of Light. Skeptical Inquirer. Utgave 26.5. September/Oktober 2002 Archive
  5. Richard Taylor (August 2011), Feature: Crop circles. Coming soon to a field near you (PDF), physicsworld.com, arkivert frå originalen (PDF) 18. mai 2013, henta 10. november 2013, «Today, with the benefit of hindsight, such explanations sound rather contrived. At the height of the debate, though, no less a physicist than Stephen Hawking was prepared to accept some version of Meaden’s theory. When a spate of circles appeared in the countryside near his Cambridge home in 1991, Hawking told a local newspaper that “crop circles are either hoaxes or formed by vortex movement of air”.» 
  6. Crop Circle Confession; August 2002; Scientific American Magazine; by Matt Ridley

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]