Geokronologi

Geokronologi er vitskapen som tek føre seg geologisk alder og tidsrekning, den absolutte alderen på bergartar, fossil og sediment. Det er mange ulike måtar å finne ut av dette på.
For den nyare historia kan ein telje årringar i trestammer eller årslag i lagdelt leire (varv). Den svenske geologen Gerard Jakob De Geer kunne ved hjelp av varvkronologi følgje avsmeltinga av innlandsisen i Skandinavia år for år og kunne følgje isen frå han låg over Danmark til han forsvann frå fjellområda i Finland, Sverige og Noreg.
Ved eldre historie må ein nytte radiometriske dateringsmetodar. Geologiske aldrar vert uttrykte i millionar av år og vert innordna i større geologiske einingar som æra, periode, epoke, alder og kron.
Ein liknande dateringsmetode er biostratigrafi, som plasserer sedimentære bergartar i ein kjend geologisk periode ved å samanlikne fossil i bergarten. Dette gjev derimot ikkje ein direkte absolutt alder for bergarten. Begge fagfelta arbeider hand i hand og nyttar det same systemet for å namngje berglag.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Geochronology» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2010.
- «geokronologi» i Store norske leksikon, snl.no.