Georadar
Hopp til navigering
Hopp til søk

Eit georadargram samla inn over ein historisk gravlund i Alabama i USA. Hyperbolske refleksjonar indikerer at det finst reflektorar gravlagd under overflata, kanskje knytt til menneskelege gravferder.
Georadar eller bakkepenetrerande radar (BPR) er ein geofysisk metode som bruker radarpulser til å avbilde undergrunnen. Denne ikkje-destruktive metoden nyttar seg av elektromagnetisk stråling i mikrobølgje-bandet (UHF/VHF-frekvensar) av radiospekteret, og detekterer reflekterte signal frå strukturar i undergrunnen.
Ein kan til dømes avgjere form og plassering av ruinar, søyler og lekamar som ligg i undergrunnen, og ein kan kunne avgjere tjukkleiken av lag under overflata, nytta innan geologiske undersøkingar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Bryhni, Inge. (2009, 14. februar). Georadar. I Store norske leksikon. Henta 19. november 2013 frå http://snl.no/georadar.