Georg Henrik von Wright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Georg Henrik von Wright (14. juni 191616. juni 2003) var ein finlandssvensk filosof. Han var ein av dei fremste filosofane i tida med eit interessefelt som gjekk frå logikk og etikk til kultur- og vitskapsfilosofi. Han etterfølgde den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein som professor ved universitetet i Cambridge.

G. H. von Wright har publisert ei rekkje verk på svensk, finsk, engelsk og tysk. Han har òg redigert og publisert dei seinare arbeida til Wittgenstein. Gjennom sine siste tjue år, skreiv han fleire bøker om dagens samfunn og i kva grad framsteget vårt faktisk kan reknast som framsteg.

Han var påverka av den tyske filosofen Oswald Spengler, og oppdaga seinare i livet at òg Wittgenstein hadde lese arbeida til Spengler og til hans overrasking likt det.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • The Logical Problem of Induction, doktoravhandling, 1941
  • Den logiska empirismen, 1945
  • Über Wahrscheinlichkeit, 1945
  • An Essay in Modal Logic, 1951
  • A Treatise on Induction and Probability, 1951
  • Tanke och förkunnelse, 1955
  • Logical Studies, 1957
  • Logik, filosofi och språk 1957
  • The Varieties of Goodness', 1963
  • Norm and Action, 1963
  • The Logic of Preference, 1963
  • Essay om naturen, människan och den vetenskaplig-tekniska revolutionen, 1963
  • An Essay in Deontic Logic, 1968
  • Time, Change and Contradiction, 1969
  • Tieteen filosofian kaksi perinnettä, 1970
  • Explanation and Understanding, 1971
  • Causality and Determinism, 1974
  • Handlung, Norm und Intention, 1977
  • Humanismen som livshållning, 1978
  • Freedom and Determination, 1980
  • Wittgenstein, 1982
  • Philosophical Papers I-III, 1983-1984
  • Filosofisia tutkielmia, 1985
  • Vetenskapet och förnuftet, 1986
  • Minervan Pöllö, 1991
  • Myten om framsteget, 1993
  • The Tree of Knowledge 1993
  • Att förstå sin samtid, 1994
  • Six Essays in Philosophical Logic 1996
  • Viimeisistä ajoista. Ajatusleikki, 1997
  • Mitt liv som jag minns det, 2001

Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]