Ludwig Wittgenstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Wittgenstein

Ludwig Josef Johann Wittgenstein (26. april 188929. april 1951) var ein filosof og matematikar fødd i Wien i Austerrike. Wittgenstein var professor i Cambridge frå 1939 til 1947. Han kom frå ein familie med mykje pengerikdom, far hans var industrileiaren Karl Wittgenstein. Det meste Ludwig Wittgenstein arva gav han vekk og levde eit liv i nøysemd.

Han byrja med ingeniørutdanning og gjekk vidare til studiar innan matematikk. Utforsking av grunndraga i matematikken leia over til logikkstudiar. Ei tid studerte han logikk med mellom anna Gottlob Frege og Bertrand Russell som føredøme og til dels lærarar.

Wittgenstein er rekna for å vera ein av dei viktigaste filosofane på 1900-talet. Ei ny retning innan filosofi kom til på grunnlag av verka til Wittgenstein. Namnet på denne filosofiske retninga er (språk)analytisk filosofi.

Wittgenstein og Noreg[endre | endre wikiteksten]

Wittgenstein hadde frå 1913 ei hytte i Skjolden i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Har sat han og skreiv på verket Tractatus Logico-philosophicus, som vart gjeve ut i 1922. Ved Eidsvatnet i Skjolden er det sett opp eit Wittgenstein-minnesmerke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Ludwig Wittgenstein

Litteratur[endre | endre wikiteksten]