Hopp til innhald

Georg II av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George II Augustus

Konge av Storbritannia og Irland
Periode11. juni 1727-25. oktober 1760
Fødd10. november 1683 i Schloss Herrenhausen i Hannover
FødestadHannover
Død11. juni 1727 i Osnabrück
DødsstadLondon
MorSophie Dorothea av Braunschweig-Lüneburg
FarGeorg I av Storbritannia
EktefelleCaroline av Brandenburg-Ansbach
SambuarAmalie Sophie von Wallmoden
BarnFredrik Ludvig (1707-1751).
MedlemRoyal Society
FøregangarGeorg I
EtterfølgjarGeorg III

Georg II Augustus (10. november 168325. oktober 1760) var konge av Storbritannia og Irland frå 1727 til 1760. I tillegg var han hertug av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) og tysk kurfyrste. Han var den andre britiske monarken av det tyske fyrstehuset Hannover, og den siste britiske monarken som personleg leidde styrkar i krig. Ulikt føregangaren Georg I snakka han flytande engelsk, i tillegg til fleire andre språk.

Georg II var son av arveprinsen av Braunschweig-Lüneburg, den seinare kong Georg I av Storbritannia, og kona Sophie av Celle. Då faren vart hertug av Braunschweig-Lüneburg vart Georg sjølv arveprins. Georg II gifta seg med prinsesse Caroline av Brandenburg-Ansbach i 1705.

Georg grunnla mellom anna Georg-August-Universität i Göttingen.

Etterfølgjar som konge og fyrste var sonesonen Georg III av Storbritannia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne historieartikkelen som har med Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.