Osnabrück

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Osnabrück
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Osnabrück
Osnabrück is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 780
Geografi
Flatevidd
 - By

119,80 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

163 357
  1 364/km²
Koordinatar 52°17′0″N 8°3′0″EKoordinatar: 52°17′0″N 8°3′0″E
Høgd over havet 54-190 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 49074-49090
Telefon-retningsnummer 0541
Bilnummer OS
Heimeside: www.osnabrueck.de

Osnabrück er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 165 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 80 km nordaust for Dortmund, 45 km nordaust for Münster og 100 km vest for Hannover. Osnabrück dekkjer eit område i ein dal mellom Wiehengebirge og den nordlege delen av Teutoburger Wald. Byen er den tredje største i Niedersachsen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Osnabrück vart grunnlagd i 780 av Karl den store, konge av frankarane, sjølv om datoen ikkje er sikker. Ei stund før 803 vart byen sete for fyrstebiskopen av Osnabrück. Dette er òg usikkert, men gjer Osnabruck til det eldste kjende bispedømet i Sachsen. I 889 fekk byen handels- og tollprivilegiar av Kong Arnulf av Kärnten, i tillegg til at dei fekk prege myntar. Han vart først nemnd som by i 1147. Kort tid etter, i 1157, gav Keisar Fredrik Barbarossa byen rettar til å byggje festningsverk. (Befestigungsrecht). Dei fleste tårna som var ein del av festninga, står framleis i dag. Osnabrück vart eit medlem av Hansaen1100-talet.

Teater i Osnabrück

Byen er framleis bispesete og har ei mellomstor domkykje med romansk arkitektur. Ingenting er igjen av den opphavlege domkyrkja frå då byen vart grunnlagd, men utgravingar har vist at dei eldste delane av dagens kyrkjebygg er frå 900-talet. Det meste av domkyrkja er derimot frå 1100- og 1200-talet.

Innbyggjarane valde å følgje reformasjonen og dette førte til ein vedvarande konflikt med den katolske biskopen som ikkje løyste seg før på 1600-talet. Den viktigaste hendinga i byen si historie er nok då forhandlingane frå 1643 til 1648 som førte til freden i Westfalen og slutten på trettiårskrigen fann stad i byen. Sidan katolske og protestantiske delegasjonar nekta å forhandle andlet til andlet, haldt katolikkane til i Münster, medan protestantane haldt til i Osnabrück. Friedenssaal, der forhandlingane fann stad, kan ein sjå i det imponerande rådhuset frå 1517. Freden i Westfalen førte til at byen skulle styrast vekselsvis av ein romersk-katolsk og ein protestantisk biskop, noko som var uvanleg. Den protestantiske biskopen vart utpeikt av hertugen av Brunswick-Lüneburg. Det førte til at den siste fyrstebiskopen, Prins Fredrik av York og Albany (1763-1827), vart vald i ein alder av berre 196 dagar for at han skulle halde på stillinga så lenge som mogeleg. I dag står katolisme og protestantisme om lag likt i byen.

Heger Tor

Som følgje av sekulariseringa etter oppløysinga av Det tysk-romerske riket vart bispedømet Osnabrück ein del av Kongedømet Hannover i 1803. Dette vart stadfesta i Wienerkongressen i 1815. Først i 1858 vart bispedømet gjenoppretta som ei kyrkjeleg eining, og i 1866 vart byen i lag med Hannover annektert av Preussen.

Osnabrück vart hardt råka av allierte bombetokt under den andre verdskrigen, men enkelte historiske bygningar vart gjenoppbygd. I dag gjev Altstadt framleis inntrykk av ein mellomalderby, sjølv om det ikkje er originalen som står her.

Osnabrück vart stemd fram som staden med dei lykkelegaste folka i Tyskland i magasinet Stern i 2003, noko som førte til slagordet «Ich komm' zum Glück aus Osnabrück» (Heldigvis kjem eg frå Osnabrück).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Osnabrück

Kjelder[endre | endre wikiteksten]