Hannover
Hannover | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Niedersachsen | ||
Landkreis | Hannover | ||
Høgd | 55 m | ||
Areal | 204,15 km² | ||
Folketal | 548 186 (31. desember 2023) | ||
Postnummer | 3000–30669 | ||
Retningsnummer | 0511 | ||
Bilnummer | H | ||
![]() Hannover 52°22′28″N 9°44′19″E / 52.374444444444°N 9.7386111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Hannover |
Hannover er ein by nord i Tyskland ved elva Leine. Han er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen, og styrte òg den mindre Hannover-regionen, fram til regionane i Niedersachsen vart oppløyst i 2005. Byen har eit folketal på om lag 550 000, og er eit stort senter i Nord-Tyskland.
Hannover er ein kjend messeby. Kvar sommar huser han verdas største datamesse, CeBIT, og industrimessa Hannover Messe. I 2000 var Hannover vert for verdsudstillinga Expo 2000. Kvart år vert «Schützenfest Hannover» og Oktoberfest Hannover, som er den største Oktoberfest i verda, halde her.
Hannover har universitet med medisinsk utdanning, ein internasjonal flyplass og ein stor dyrehage (Hannover Zoo).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Hannover var opphavleg ein landsby av fiskarar og ferjemenn. Han voks til ein by i mellomalderen, då ein mellom anna bygde bymuren og fleire kyrkjer.
Greven av Braunschweig flytta til byen i 1636, og grevskapet hans vart sidan kalla Hannover. Denne adelsslekta skulle seinare få innpass i det britiske kongehuset. I fem generasjonar var den britiske monarken òg regent av Hannover. Då Victoria overtok trona i Storbritannia gjekk kongedømet Hannover over til den næraste mannlege arvingen.
Hannover vart annektert av Preussen i 1866. Byen fortsette å veksa, men vart som så mange andre tyske byar svært øydelagd av bombeåtak under den andre verdskrigen. På grunn av dette har Hannover også mange moderne bygg.
Industri
[endre | endre wikiteksten]Niedersachsen er eit viktig industriområde, og i Hannover ligg fabrikkane til mellom anna Volkswagen og Mercedes-Benz. På 1800-talet blei industrikonsernet Hanomag ein viktig industri i byen. Konsernet vart kjøpt opp av Mercedes-Benz på 1960-talet.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Rockegruppene Scorpions og Fury in the Slaughterhouse kjem frå denne byen
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Moderne arkitektur laga av Frank Gehry.
-
Kröpckeplassen med Kröpckeklokka i desember 2004.
-
Det nye rådhuset i Hannover.
-
Utsyn over byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2025) |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]