Georges Brassens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georges Brassens

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 22. oktober 1921
Sète
Død

29. oktober 1981 (60 år)
Saint-Gély-du-Fesc

Yrke lyrikar, songar-låtskrivar, banjospelar, gitarist, skribent, songar, komponist, chansonnier, skodespelar
Språk fransk
Sjanger chanson
Signatur
Georges Brassens på Commons

Georges Brassens (22. oktober 192129. oktober 1981) var ein fransk diktar, komponist og songar av chanson française, franske viser innanfor ein særeigen sjanger. Han vart fødd i byen Sète (då skrive Cette) på den sørfranske middelhavskysten, i nærleiken av byen Montpellier, og døydde i Saint-Gély-du-Fesc nord for Montpellier.

Georges Brassens i 1964
Huset i 9, impasse Florimont i Paris, der Georges Brassens flytta inn hjå Jeanne Planche og hennar mann i 1944 for å gøyme seg for den tyske okkupasjonsmakta og Gestapo, og vart buande saman med dei til 1966. Minneplaketten på veggen vart sett opp i 1994.

Georges Brassens spela gitar, piano og elektrisk orgel, og akkompagnerte seg sjølv på gitar. Som viseforfattar, komponist og offentleg visesongar var han aktiv i peroden frå 1951 til 1981. Han står attom ein rad populære franske viser, mellom anna: Chanson pour l'Auvergnat, La Mauvaise Réputation, Le Gorille, Les Amoureux des bancs publics, Les Copains d'abord, Je me suis fait tout petit, Supplique pour être enterré à la plage de Sète, Les Trompettes de la renommée og mange fleire. Mellom 1952 og 1976 spela han inn fjorten album. I 1967 mottok han Det franske akademiets (Académie française) Grand prix de poésie (Den store poesiprisen), som gis til poetar som uttrykker seg på fransk. Han har ikkje berre skrive og tonesett eigne dikt, men òg komponert musikk til dikt av Louis Aragon, Victor Hugo, Jean Richepin, François Villon og Guillaume Apollinaire, Paul Fort, Antoine Pol.

Læretida under andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I februar 1940 flytta Georges Brassens fra Sør-Frankrike til Paris for å bu hjå si tante Antoinette Dagrosa i det 14e arrondissement. Her var det eit piano han lærte seg å spele på. For å tene pengar, fekk han seg arbeid på ein verkstad på fabrikken til Renault i Billancourt. Men 3. juni 1940 vart Paris bomba av den tyske militærmakta, fabrikken vart treft, og den 14. juni tok den tyske hæren seg inn i byen. Georges returnerte til heimbyen, men reiste attende til tanta i det okkuperte Paris då sommaren var over. Då det ikkje var tale om å få seg arbeid, ettersom det ville vere å arbeide for okkupasjonsmakta, brukte han tida på det lokale kommunebiblioteket, der han studerte poesi, lærte seg versifikasjon og leste Villon, Baudelaire, Verlaine, Hugo og fleire andre. Slik tileigna han seg ein vidtfemnande litterær kunnskap som fekk han til å skrive sine fyrste diktsamlingar, Les Couleurs vagues, Des coups d'épée dans l'eau, som varsla om stilen i dei visene som skulle kome, og det vesle verket À la venvole, der anarkismen hans kom for ein dag. À la venvole vart utgjeve i 1942 med økonomisk stønad frå vener, tanta hans og ei av hennar venninner, som sette stor pris på visene hans.

I februar 1943 påla tyskarane Vichy-regimet å få etablert ei ordning med obligatorisk arbeid. Georges, som var 22 år, vart kalla inn, og då det vart trua med alvorlege represaliar for dei som nekta arbeidstenesta, møtte han opp 8. mars på jarnbanestasjonen gare de l’Est for å reise til arbeidsleiren i Basdorf i nærleiken av Berlin i Tyskland, der han skulle arbeide i BMWs flymotorfabrikk. Her møtte han nokon av dei som skulle verte hans framtidige vener, André Larue, René Iskin og særleg Pierre Onténiente, leirens bibliotekar, som regelmessig lånte han bøker.

I mars 1944 fekk Georges Brassens to vekers permisjon for å reise til Frankrike. Han nytta seg av sjansen til å sleppe unna, og ville gøyme seg i Paris. 21. mars 1944 tok han inn hjå ei venninne av tanta, Jeanne Planche, som budde med mannen sin, Marcel, under fattige kår i eit hus i blindgata Impasse Florimont i le quartier de Plaisance i 14e arrondissement. I huset var det korkje gass, elektrisitet eller innlagt vatn. Her skulle han bu til krigen var slutt. Fem månader seinare, 25 august, vart Paris frigjort. Men fridomen endra lite på vanane til Georges Brassens. Han fekk attende bibliotekskortet, tok opp att si eigenopplæring i poesi, og vigde seg heilt til litteraturen. Med samtykke frå ekteparet Planche vart han verande hjå dei, og her vart han buande heilt fram til 1966.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]