Georges Marchais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georges Marchais
Georges Marchais.JPG
Fødd 7. juni 1920
La Hoguette
Død

16. november 1997
Paris

Yrke politikar, fagforeiningsleiar
Georges Marchais på Commons

Georges Marchais (7. juni 192016. november 1997) var ein fransk politikar, som i åra 19701994 var generalsekretær i Det franske kommunistpartiet, Parti Communiste Francais (PCF).

Han var ein av forgrunnsfigurane i det internasjonale politiske straumdraget som vart kalla eurokommunisme, saman med Enrico Berlinguer og Santiago Carillo. Han var kommunistpartiet sin kandidat ved presidentvalet i 1981, og det var etter dette valet at PCF bestemte seg for å gå inn i den første regjeringa til Francois Mitterand frå Det franske sosialistpartiet (Parti Socialiste) (PS). Marchais gjekk av som generalsekretær i 1994, og vart etterfølgd av Robert Hue.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den spanskspråklege wikipediaen, art. med same namnet.