Det franske kommunistpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Franske kommunistar demonstrerer for offentlege tenester.
Foto: David Monniaux

Det franske kommunistpartiet (Parti communiste français, PCF) er det største kommunistpartiet i Frankrike og medlem i Det europeiske venstrepartiet EL (på engelsk European Left, på fransk Gauche Européenne).

PCF blei grunnlagt i 1920 av medlemmer i Det franske sosialistpartiet SFIO som hadde gått imot første verdskrigen og som støtta bolsjevik-revolusjonen i Russland. Fleirtalet i SFIO hadde i 1914 tatt eit sjåvinistisk standpunkt og støtta den franske krigføringa. PCF slutta seg til den kommunistiske Tredje Internasjonalen (KI, Komintern).

Midt på 1930-talet voks PCF kraftig, særleg etter at Komintern slo inn på folkefrontstrategien, og gjekk inn for allianse med både andre sosialistiske parti og liberale borgarlege parti mot fascismen. Partia som var med i den franske folkefronten (Front Populaire), blant dei PCF, vann parlamentsvalet i 1936, og ei regjering leidd av sosialisten Léon Blum kunne skipast, med støtte men ikkje deltaking frå PCF.

Men linjeskifta i sovjetisk utanrikspolitikk var eit stort problem for partiet. Det hadde fått auka popularitet også på grunn av Sovjetunionens iherdige freistnader på å etablere ein sovjetisk-fransk-britisk allianse mot Hitler-Tyskland frå midten av 1930-talet, noko som stranda på britisk motstand. Men da den sovjetiske dikatoren Josef Stalin bråsnudde, og plutseleg inngjekk ei ikkje-åtakpakt med Tyskland i 1939 (Molotov-Ribbentrop-pakta), blei PCF forbode av den nye regjeringa under den borgarlege Édouard Daladier.

PCF følgde ei antikrigslinje til å begynne med under andre verdskrigen. Men særleg etter åtaket på Sovjetunionen i 1941 blei PCF det mest aktive partiet i motstandsrørsla, og fekk stor oppslutning i folket på grunn av det. Da Frankrike blei frigjort i 1944, gjekk PCF inn i samlingsregjeringa leidd av Charles de Gaulle, men blei tvinga ut av koalisjonsregjeringa til Paul Ramadier i 1947 da den kalde krigen tok til. Men PCF var det største partiet i landet framleis i mange år.

Etter hendingane i mai 1968, der PCF stort sett var fiendtleg innstilt til det som skjedde, og undertrykkinga av Praha-våren seinare same året, begynte PCF å distansere seg frå Moskva, og blei til slutt ein sterk kritikar av sovjetkommunismen. PCF blei eit eurokommunistisk eller reformkommunistisk parti. I 1981 gjekk PCF inn i regjering som koalisjonspartner med François Mitterrand sitt reorganiserte sosialistparti PS.

Men deltakinga i fleire koalisjonsregjeringar har ikkje styrkt PCF, fordi politikken til desse regjeringane ikkje har svart til forventningane frå medlemmene og veljarane til PCF om ein verkeleg venstrekurs. Fallet til kommunistregima i Aust-Europa rundt 1990 har også bidratt til nedgangen for PCF, fordi partiet trass i sin sjølvstendige reformkommunistiske kurs sidan 1970-åra framleis i nokon grad blei forbunde med desse regima i media og i medvitet til mange menneske. Partiet nådde botnen ved presidentvalet i 2002, da kandidaten deira, daverande partileiar Robert Hue, fekk berre 3,4 % av stemmene, og partiet sjølv fekk berre 4,8 % ved parlamentsvalet same året. Men ved regionvalet i 2004 fekk partiet eit monaleg betre resultat, da lista med den nye leiaren, Marie George Buffet, fekk 7,2 % i regionen Île-de-France med hovudstaden Paris, og listene i regionane Nord-Pas-de-Calais og Picardie i Nord-Frankrike meir enn 10 %.

Baklgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]