Gibostad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gibostad
stad
Gibostad (2).jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Lenvik
Areal 0,4 km²
Folketal 326 (2017)
Folketettleik 815 / km²
Postnummer 9372 GIBOSTAD
Preposisjon Gibostad
Wikimedia Commons: Gibostad

Gibostad [jị-] er ein tettstad med 326 innbyggjarar per 1. januar 2017 i Lenvik kommune i Troms. Staden ligg på nordaustsida av Senja, ved Gisundet. Riksveg 861 går gjennom staden og det er om lag 20 km til Gisundbrua. Gibostad har vore ein viktig handelstad, og var fram til midten av 1960-talet også kommunesenteret i Lenvik. I hamneområdet er det fleire verna hus frå stordomstida. Senja videregående skole med mellom anna landbrukslinje ligg i Gibostad.

Namnet kjem av norrønt Geigubólstaðr; Geiga har kanskje vore namn på Gisundet, kan høyre til norrønt geiga, 'vingle, gå skeivt'; siste ledd tyder 'bustad'.

Fram til 1985 hadde Gibostad ferjesamband med Bjorelvnes.

Senja videregående skole

Tettstadet har i dag barne- og ungdomsskule, barnehage, legekontor, to daglegvareforretningar, post i butikk, båtslipp, bilverkstad og bensinstasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gibostad