Gidsken Jakobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gidsken Jakobsen
Gidsken Jakobsen 3.jpg
Fødd 1. august 1908
Fagernes (Narvik)
Død

13. juni 1990
Fagernes (Narvik)

Yrke flygar
Gidsken Jakobsen på Commons

Gidsken Nilsine Jakobsen (født 1. august 1908 på Fagernes i Narvik, død 13. juni 1990 på Fagernes) var ein norsk flypioner og forretningskvinne.

Gidsken Jakobsen tok flysertifikat ved Aeromaterials flyveskole i Stockholm i 1929.[1] Jakobsen var ein av dei første nordmennene som freista å gjera norsk luftfart kommersiell, og i 1932 etablerte ho eige flyselskap. Jakobsen var den første kvinnelege leier av eit flyselskap i Skandinavia. Selskapet hennes dreiv taxiflying i Nord-Noreg og på Vestlandet. Då ho registrerte sit første fly i Oslo i 1929, vart ho den første som flaug frå Nord-Noreg til Oslo om vinteren. Jakobsen var òg initiativtaker til flyfrakt av fisk frå Nord-Noreg. Ho vert rekna som ein av våra største personlegdomar innan norsk luftfart og var ei kvinne som trossa både kjønnsrollemønster og geografiske barrierar. Jakobsen var den andre norske kvinna som tok flysertifikat. Då var ho 20 år og vart rangert som nummer ein av dei ti som gjennomførde utdanninga.

Hennes fly, ein VL Sääski kalla «Måsen» er attskapt som ein kopi og finst i Samlingane til Norsk Luftfartsmuseum Jakobsen fekk i 2014 oppkalla ein park etter seg på hennes heimstad, Fagernes i Narvik.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Flyvercertifikat for norsk dame, Aftenposten, mandag aften, 18. mars 1929, side 6
  2. Fremover 20. desember 2014, Nå kan parken på Fagernes brukes.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Gynnild, Seilas i storm – eit portrett av Gidsken Jakobsen, Orkana forlag, 2007. ISBN 9788281040571

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkel bygger på nb:Gidsken Jakobsen frå Wikipedia på bokmål 25. august 2017