Gimli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gimli er ein dverg frå J.R.R. Tolkien si fiktive verd Midgard. Gimli, son av Glóin (ein av Bilbo Lommelun sine opphavlege følgjesvener i Hobbiten), er ein fjern etterkomar av Durin den udøyelege – den fyrste av dei syv dvergefedrane – men er ikkje medlem av den kongelege ættelinja. Gimli er dessutan fetteren til Balin, som også var ein av Bilbo sine følgjesvener. Gimli blir introdusert ved rådsmøtet i Kløvendal, der han kjem saman med faren sin med nyhende frå heimstaden sin. Gimli blir vald av Elrond til å vere ein av dei ni i Ringens Brorlag.

Innan Brorlaget blir Gimli gradvis god ven med alven Legolas, noko som er spesielt sidan alvane og dvergane framleis krangla over nokon saker som handlar om Doriath sin undergang – og meir på grunn av at Legolas sin far, Thranduil, ein gong kasta Glóin i eitt av hans fangehòl (sjå Hobbiten). Ettersom brorlaget blir nøydt til å gå inn i Morias miner, er Gimli i byrjinga veldig entusiastisk og brenn for å finne ein dvergekoloni av slekta si der. I staden finn Gimli ut av at Moria er fullt av orkar og at hans folk, inkludert fetteren hans Balin, har blitt nådelaust slakta av orkane. Når Gandalv fell ned i mørket etter å ha kjempa mot Balrogen, klarar brorlaget omsider å komme seg ut av minene. Gimli var 139 år gamal (fødd i år 2879 i det tredje tideverv) då Ringens Brorlag sette ut frå Kløvendal.

I Peter Jackson sin filmtrilogi om Ringdrotten blir Gimli spelt av John Rhys-Davies.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på Legolas på bokmål wikipedia.
  • Ringdrotten av J.R.R. Tolkien.