Peter Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Jackson held føredrag på San Diego Comic Con i 2014.
Foto: Gage Skidmore.

Sir Peter Robert Jackson (fødd 31. oktober 1961) er ein prisløna newzealandsk filmskapar, regissør, produsent og manusforfattar. Han har vorte best kjend for filmtrilogiane han laga av Ringdrotten og Hobbiten, begge skrivne av J.R.R. Tolkien. Jackson er sambuar med regissøren Fran Walsh. [1]

Filmkarriere[endre | endre wikiteksten]

Den første Jackson-filmen som vart lansert for kino var Bad Taste (1987), ein "science fiction splatter-komedie". [2] Fem år seinare kom Braindead (1992), som hadde same målgruppa som debutfilmen. I 1994 kom Sorte Engler (Heavenly Creatures) ut med Kate Winslet og Melanie Lynskey i hovudrollene, inspirert av ei sann historie om eit drap. [3] I 1996 laga Jackson grøssarfilmen The Frighteners med Michael J. Fox i hovudrolla. [4]

Ringdrotten[endre | endre wikiteksten]

I 2001 kom den fyrste filmen i Ringdrotten-trilogien ut, med den norske tittelen Ringenes herre: Ringens brorskap. Peter Jackson stod som regissør av trilogien, medan manuset vart skrive av han sjølv i tillegg til Fran Walsh og Philippa Boyens. I trilogien følgjer me ferda til den vesle hobbiten Frodo Lommelun som får i oppdrag å øydeleggja makt-ringen til den vonde herskaren Sauron ved å ta ringen med seg og kasta han i Dommedagsfjellet, der ringen blei laga. I hovudrollene i trilogien spela mellom andre Elijah Wood, Ian McKellen, Cate Blanchett, Liv Tyler, Viggo Mortensen, Sean Astin, Sean Bean, Christopher Lee og Hugo Weaving. Den fyrste filmen vart ein kjempesuksess internasjonalt og vann fire oscar-prisar [5]. Oppfølgjaren, Ringenes Herre: To tårn kom i 2002 og fekk også stor suksess. Denne filmen vann to oscar. [6] Den tredje filmen, Ringenes Herre: Atter en konge (2003), som fullførte trilogien vann heile elleve Oscar. [7] Peter Jackson sjølv vann ein oscar for beste regissør. Heile innspelinga av Ringdrotten-trilogien vart gjort på New Zealand, heimlandet til Jackson. Filmmusikken vart komponert av Howard Shore.

Etter arbeidet med Ringdrotten hadde namnet Peter Jackson vorte kjend i det meste av verda. Den neste filmen han laga, var ei nyinnspeling av King Kong med Naomi Watts i hovudrolla. Han produserte også sci-fi-filmen District 9 (2009) og dramaet Alle mine kjære (2009), begge i samarbeid med Walsh og Boyens.

Hobbiten[endre | endre wikiteksten]

Der Peter Jackson hadde laga dei tre bøkene i Ringdrotten om til tre filmar, laga han med Hobbiten tre filmar ut av éi bok. Plottet følgjer Bilbo Lommelun som reiser ut saman med vismannen Gandalv og tolv dvergar for å ta livet av draken Smaug og vinna tilbake fjellet Erebor og gullskatten som ligg der. Historia her går føre seg i det same universet som Ringdrotten, men på eit tidlegare tidspunkt. Filmatiseringa kunne dermed referera til Ringdrotten-trilogien ved at ein brukte nokre av dei same filmbakgrunnane, t.d. Hobbitun, om att [8] og ved at fleire skodespelarar fekk tre inn i dei same rollene sine, m.a. Ian McKellen som Gandalv, Hugo Weaving som Elrond og Christopher Lee som Sarumann. Elles spela Martin Freeman, Richard Armitage, Stephen Fry og Benedict Cumberbatch viktige roller i trilogien. Den fyrste filmen fekk den norske tittelen Hobbiten: En uventet reise og kom ut i 2012. Oppfølgjarane fekk titlane Hobbiten: Smaugs ødemark (2013) og Hobbiten: Femhærerslaget (2014). Jackson samarbeidde med Guillermo del Toro, Fran Walsh og Philippa Boyens med Hobbiten-filmane, og filmmusikken vart igjen komponert av Howard Shore. Alle filmane i trilogien vart nominerte til Oscar, men ingen av dei vann. [9] Hobbiten: Smaugs ødemark på IMDb </ref> [10]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]