Hopp til innhald

Giresunøya

Koordinatar: 40°55′44″N 38°26′10″E / 40.92889°N 38.43611°E / 40.92889; 38.43611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

40°55′44″N 38°26′10″E / 40.92889°N 38.43611°E / 40.92889; 38.43611

Giresunøya
øy
Land  Tyrkia
Kart
Giresunøya
40°55′44″N 38°26′10″E / 40.928888888889°N 38.436111111111°E / 40.928888888889; 38.436111111111
Wikimedia Commons: Giresun Island

Giresunøya (tyrkisk Giresun Adası) er ei lita øy på 4 hektar 1,2 km utanfor byen Giresun i Tyrkia på søraustkysten av Svartehavet. Ho er den største øya langs den tyrkiske svartehavskysten. Ruinane av eit taklaust steintempe, festningsverk og to vin- eller olivenpresseri står på øya.

I antikken heitte øya Aretias, Ares, Areos Nesos og Puga. Ein stor, svart, sirkelforma stein står på øya og vert kalla Hamza Taşı på tyrkisk. Han vert sagt å ha magiske eigenskapar. Det taklause tempelet var i antikken tileigna amasonene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]