Amasone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Amasone kan visa til krigerske kvinner eller samfunn der kvinner er soldatar. I snever betydning er amasonene namnet på matriarkalsk organisert folk i gresk mytologi som skulle leva i Anatolia og aust for Svartehavet. I moderne betydning blir det også brukt om andre matriarkalske folk.

Greske amasoner[endre | endre wikiteksten]

Akilles drep Penthesileia. Gresk vase frå rundt 460 f.Kr.

Grekarane fortalde ei rekkje historier om dei krigerske barbarkvinnene som rei hestar og skaut med pil og boge. Mytane kan ha hatt utspring i kvinnelege krigarar blant skytarane, men har truleg vakse litt med kvar forteljing. For grekarane var det nemleg uhøyrt, for ikkje å snakka om ukvinneleg, at kvinner skulle kjempa på same viset som menn.

Amasonene stamma frå krigsguden Ares og kona hans Harmonia, og var dei einaste barna dei to fekk saman. Dei levde i kvinnestatar der menn var marginaliserte. Dei måtte halda seg heime, medan amasonene vitja dei to gonger i månaden for å syta for forplantinga. Gutebarn blei sendt vekk eller lagt ut for å døy, medan nyfødde jenter blei fostra opp til å bli krigarar som mødrene sine. Ei amasone måtte vera jomfrueleg til ho hadde drepe minst tre menn i strid. For å kunne trekka bogestrengen langt nok tilbake opererte eller brann dei vekk det høgre brystet sitt.

Kvar amasonestat blei styrt av ei dronning. Penthesileia var namnet på ei av dei, ho kjempa for Troja under Trojakrigen og blei drepen av Akilles. Ei anna var Hippolyte, som hadde eit magisk belte faren Ares hadde gjeve henne. Eitt av storverka til Herakles var å stela dette beltet. Thesevs hjelpte han med dette, og bortførte søstera hennar, Antiope, kanskje som hemn for at amasonene hadde storma Akropolis i Aten.

Andre amasoner[endre | endre wikiteksten]

Dei dominerande amasoneskikkelsane interesserte seinare europearar som dei hadde fascinert grekarane, og omgrepet levde vidare. Det blei etterkvart brukt om samfunn der kvinnene hadde makta, eller om kvinner som deltok i strid.

Matriarkalske samfunn har alltid eksistert. Kvinnelege krigarar er noko uvanlege, men det finst likevel fleire døme på desse frå ulike stader og tidsrom.

Afrika[endre | endre wikiteksten]

To kvinnelege dahomey-krigarar.

Libya har ei lang historie med amasonekvinner som truleg er eldre enn den greske tradisjonen, og har fortsett ved at Gadaffi har ein kvinneleg livvakt. Dahomeyamasonene var ei militæreining på rundt seks tusen kvinner som dominerte delar av Vest-Afrika frå 1500- til seint på 1800-talet, då franske styrker overvann dei. Andre afrikanske folkegrupper der kvinner kjempa var igboane og fulaniane.

Asia[endre | endre wikiteksten]

Det fanst òg kvinnelege livvakter i Asia, mellom anna for nizamane som herska over Hyderabadstaten i India, og for kongefamilien i KandySri Lanka. I Siam (no Thailand) på 1800-talet hadde kongen ein bataljon på fire hundre utvalde vakre kvinner som mellom anna var dyktige spydkastarar, men blei for høgd verdsette til å sendast i krig.

Europa[endre | endre wikiteksten]

Blant keltiske og germanske stammar var det vanleg at kvinner kjempa saman med mennene sine, eller at unge kvinner utan ansvar for ein familie levde som krigarar. Icenardronninga Boudicca hadde i følgje den romerske historikaren Tacitus fleire kvinner enn menn i hæren sin.

Amasoner i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Elva Amazonas i Brasil fekk namnet sitt fordi ei gruppe oppdagarar rapporterte at dei var blitt overfalne av langhåra krigarkvinner, amasoner.

I litteraturen og anna underhaldning finst fleire amasoneskikkelsar og -samfunn. Den norske forfattaren Ingar Knudtsen jr. har skrive ein romanserie om amasonestyrte rike i Afrika. Amasoneskikkelsane er også populære blant nokre entusiastar, i Noreg gjerne gjennom den norske amazonegruppa sin nettstad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Amazonene - Nettstaden åt den norske Amazonegruppa.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.