Gisborne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gisborne
by
Gisborne nz 1.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Gisborne
Folketal 36 600 (2017)
Wikimedia Commons: Gisborne

Gisborne (maori Tūranga-Nui-a-Kiwa, 'Staden der Kiwa stod') er ein by nordaust på New Zealand og den største tettstaden i Gisborne distrikt. Han har 36 600 innbyggjarar (2017).[1]

Gisborne ligg i den nordlege delen av Poverty Bay, der elvene Waimata, Taruheru og Tūranganui renn saman og munnar ut i Stillehavet. Staden blei opphavleg kalla Turanga. I 1870 fekk han namn etter koloniministeren William Gisborne.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Gisborne-området har vore folkesett i over 700 years.[3] Maoristammane Te Aitanga-a-Māhaki, Rongowhakaata, Ngāi Tāmanuhiri og Te Aitanga-a-Hauiti budde her i fleire hundreår. Dei fører avstamminga si tilbake til folk som kom reisande med kanoane «Te Ikaroa-a-Rauru», «Horouta» og «Tākitimu».[4] I løpet av 1300-talet grunnla maoriane fiskelandsbyar ved kysten og bygde forskansa landsbyar eller på åsane i nærleiken.[5]

Det finst ulike overleveringar om korleis busetnaden skal ha blitt skipa. Ei av sogene fortel av den store navigatøren Kiwa først steig i land ved Tūranganui-elva med wakaen «Tākitimu» etter å ha reist hit frå Hawaiki,[6][5] og at Pāoa, som var kaptein for «Horouta», kom seinare. Kiwa måtte venta så lenge på kanoen at han kalla landingsstaden Tūranganui-a-Kiwa, 'den lange ventestaden til Kiwa'.[7]

Ein anna utbreidd versjon av soga fortel at «Horouta» kom fram før «Takitimu». I 1931 hevda Āpirana Ngata at «Horouta» hadde vore hovudkanoen som førte folk til austkysten, og at iwien Ngāti Porou alltid hadde rekna «Takitimu» som ein mindre viktig kano.[8] Denne versjonen blei støtta av maorihistorikaren Rongowhakaata Halbert, som sa at mannskapet til Paoa ombord på «Horouta» var dei første til å busetja seg på austkysten etter å ha reist frå Ahuahu eller Great Mercury Island.[9][10]

Kaptein Cook[endre | endre wikiteksten]

Kaptein James Cook«Endeavour» gjorde si første ilandstiging på New Zealand på Kaiti-stranda i dagens Gisborne i oktober 1768.[11] Cook hadde sigla frå Plymouth i England i august 1768 med Tahiti som mål. Etter å ha fullført Tahiti-oppdraget fortsette Cook sørover for å leita etter eit stort landområde eller kontinent som ein trudde fanst der.[7][12] 9. oktober gjekk Cook i land på austbreidda av Tūranganui-elva med ei gruppe menn.[7] Store misforståingar mellom dei to folkegruppene førte til at ni maoriar blei drepne eller såra over fire dagar.

Staden der Cook steig i land blei markert med eit minnesmerke i 1906, på 137-årsdagen for hendinga. I 1964 blei landområdet registrert som eit historisk verneområde, og i fekk det status som nasjonalt historiske verneområde administrert av Department of Conservation.[12][13]

Europeisk busetting og byvekst[endre | endre wikiteksten]

Etter Cook si oppdaging byrja europeiske handelsfolk og kvalfangarar å slå seg ned ved breidda av Tūranganui, og busetnaden Tūranga voks fram rundt elva og hamna.[5][14]

Frå tidleg på 1830-talet skipa kjøpmenn som kapteinane John Harris og George E. Read dei første handelsstasjonane ved Tūranganui. Dei har fått æra for å ha grunnlagt byen. I løpet av dei neste tretti åra kom mange fleire handelsfolk og misjonærar til området. I 1868 kjøpte styresmaktene ein eigedom 300 hektar til ein by. Byplanen blei laga i 1870, og namnet blei endra frå Tūranga til Gisborne, både til ære for den dåverande koloniministeren og for å hindra forveksling med Tauranga. Den første offentlege skulen og den første avis, Poverty Bay Standard, blei skipa i 1872.[10] I 1877 blei det skipa eit byråd.[2][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Subnational Population Estimates: At 30 June 2017 (provisional), Statistics New Zealand, 24. oktober 2017, henta 24. oktober 2017 ; Subnational population estimates (UA, AU), by age and sex, at 30 June 1996, 2001, 2006-16 (2017 boundary), Statistics New Zealand, 24. oktober 2017, henta 24. oktober 2017 
  2. 2,0 2,1 Monty Soutar (25 March 2015). «East Coast places – Gisborne». Te Ara – the Encyclopedia of New Zealand. Henta 28 May 2016. 
  3. «History of Gisborne – Lonely Planet Travel Information». Lonely Planet. Henta 28. mai 2016. 
  4. «Story: Tūranganui-a-Kiwa tribes». Te Ara – The Encyclopedia of New Zealand. Henta 28 May 2016. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Gisborne History». Tairāwhiti Tours. Henta 28. mai2016. 
  6. «The People – History». Te Runanga o Turanganui a Kiwa. Henta 28. mai 2016. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Spedding, Michael (October 2006). The Turanganui River: A Brief History (PDF). Department of Conservation in association with NZ Historic Places Trust, Tairawhiti Museum and Eastland Port Co. Ltd. s. 13–29. ISBN 0-478-14120-3. Henta 28. mai 2016. 
  8. Tairawhiti Māori Association (1932). Echoes of the Pa: Tairawhiti Māori Association's Research Proceedings 1931–1932. Gisborne Publishing Co. 
  9. Halbert, Rongowhakaata (1999). «The Horouta Canoe». Horouta : the history of the Horouta canoe, Gisborne and East Coast. Reed, Auckland, N.Z. s. 26–28. ISBN 0790006235. 
  10. 10,0 10,1 Mackay, Joseph Angus (1949). Historic Poverty Bay and the East Coast, N.I., N.Z. 
  11. «Our district's history». Gisborne District Council. Henta 28 May 2016. 
  12. 12,0 12,1 «Historic Cook Landing Site». Department of Conservation. Henta 28. mai 2016. 
  13. Nancy Swarbrick (12. august 2014). «Public history – Historic places and objects». Te Ara – the Encyclopedia of New Zealand. Henta 28. mai 2016. 
  14. «Tūranganui-a-Kiwa tribes: Contacts and conflicts». Te Ara – The Encyclopedia of New Zealand. Henta 28. mai 2016.