Gitaristen Nancy Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nancy Wilson
NancyWilsonHWOFSept2012.jpg
Wilson i september 2012
Fødd16. mars 1954 (68 år)
FødestadSan Francisco i California
FødenamnNancy Lamoureaux Wilson
OpphavSeattle i Washington i USA
AktivSidan 1972
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • vokal
Stemmetypemezzosopran
Tilknytte artistar
  • Heart
  • The Lovemongers
  • Roadcase Royale
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • låtskrivar
  • produsent
  • komponist
Gift medCameron Crowe
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Nancy Lamoureaux Wilson (fødd 16. mars 1954) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, produsent og filmkomponist. Ho vart kjend i lag med den eldre systera si, songaren Ann Wilson, som gitarist og korvokalist i rockebandet Heart, der ho vart medlem i 1974.

Ho voks opp nær Seattle i forstaden Bellevue, og byrja å spele musikk som tenåring. Medan ho gjekk på college, vart ho i lag med systera Ann medlem av Heart. Dette var det første hardrockbandet fronta av kvinner,[1] og Heart gav ut fleire album seint i 1970- og i 1980-åra, frå og med Dreamboat Annie (1975) og Little Queen (1977), som begge inneheldt hitsinglar som «Magic Man», «Crazy on You» og «Barracuda».

Wilson har blitt hylla som gitarist og i 2016 kåra Gibson ho til den åttande beste, kvinnelege gitaristen gjennom tidene.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Live from McCabe's Guitar Shop (1999)
  • Nancy Wilson – Instructional Acoustic Guitar (2007, DVD)
  • Baby Guitars (2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Shindler, Merrill (28. juli 1977). «The Wilson Sisters Talk Heart to Heart». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2015-09-15. Henta 27. desember 2017. 
  2. Erickson, Anne (26. mars 2016). «Guitar Gals: The Top 10 Female Guitarists of All Time». Gibson. Arkivert frå originalen 2019-08-04. Henta 23. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Gitaristen Nancy Wilson