Gjegnabu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biletet viser Gjegnabu og fjella ikring.
Hytta er pyramideforma og består av eitt rom.

Gjegnabu er ei DNT-hytte i Bremanger kommune, i Ålfotbreen landskapsvernområde og med utsikt til fjellet Gjegnen/Blånibba på 1670 moh. i nord. Hytta ligg på nær 1200 moh., med flott utsikt i eit særprega landskap. Geologien i landskapsvernområdet er prega av «hyller» med devonske bergartar, som konglomerat og sandstein.[1]

Hytta, som vart bygd i 1990, har pyramideform. Det er eitt rom og overnatting til seks personar.[2] Flora turlag administrerar Gjegnabu, som er ei ubetent turisthytte.[3]

Bildet viser naturen der turisthytta Gjegnabu ligg. Det er nær 1200 meter over havet og hytta har god utsikt.
Gjegnabu er ei ubetjent DNT-hytte, som ligg i Ålfotbreen Landskapsvernområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ålfotbren Landskapsvernområde». Henta 2024=04=23. 
  2. «Ut.no om Gjegnabu», ut.no, henta 23. april 2024 
  3. «Våre hytter - DNT», www.dnt.no (på norsk bokmål), henta 23. april 2024