Gjelstad Pass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjelstad Pass
fjellovergang
Land  Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Fjellkjede Allardyce Range
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°17′S 36°57′W / 54.283°S 36.950°W / -54.283; -36.950
Kart
Gjelstad Pass
54°17′00″S 36°57′00″W / 54.2833°S 36.95°W / -54.2833; -36.95

Gjelstad Pass er eit pass gjennom den vestlege delen av Allardyce RangeSør-Georgia, mellom Mount Corneliussen og Smillie Peak. Det er det einaste passet ein kjenner til som gjev tilkomst over land til området sør for Allardyce Range. Det vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Anton Gjelstad, ein norsk ingeniør og fabrikkeigar, som mellom 1926 og 1932 fann opp forskjellig praktisk utstyr som forenkla kvalfangstinsdustrien, mellom anna kvalkloa som grip tak i halen på kvalane og haler dei opp slippen på kvalkokeria.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gjelstad Pass». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gjelstad Pass» (innhald frå Geographic Names Information System).