Gjesholmen

Koordinatar: 60°35′28″N 04°47′29″E / 60.59111°N 4.79139°E / 60.59111; 4.79139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°35′28″N 04°47′29″E / 60.59111°N 4.79139°E / 60.59111; 4.79139

Gjesholmen
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden kommune
Kart
Gjesholmen
60°35′28″N 4°47′29″E / 60.591111111111°N 4.7913888888889°E / 60.591111111111; 4.7913888888889

Gjesholmen er ei lita øy rett vest for Alvøyna og sør for Hjartøyna, nord i Øygarden kommune i Vestland. Øya er veglaus. Ved folketeljinga i 1900 budde det seks personar på øya. Ho vart fråflytta på 1950-talet. Den siste familien som budde der, søkte i 1952 om statsstøtte til å flytta til Alvheim på Alvøyna. Søkjaren opplyste at husstanden hans bestod av åtte personar. Barna måtte roast 2 1/2 kilometer og sidan gå 3 kilometer for å koma på skulen. Det var ikkje straum på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • "Fiskevær i Herdla blir lagt øde", Bergens Arbeiderblad, 29.10.1952