Glasering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Glaserte pommes d'amour, 'kjærleikseple'. (Foto: «Greudin», 2002)

Glasering er ein prosess som gjer ei overflate blank ved å dekka henne med glasur. Det kan gjerast innan matlaging, som er omtala her, og keramikk, som er omtala under glasur. Ordet er avleia av glas.

Glasering av mat for smaks skuld er til dømes å ha smelta sukker, sirup, honning eller anna søtning på maten. Dette gjev ein søtleg smak, og kan få ein matrett til å smaka mykje annleis. Døme på matrettar som stundom vert glaserte er and, fenikkel og pinnekjøt (til julemiddagen somme stader på Vestlandet).


Glasering av mat for syns og frambydings skuld vert hyppig nytta i matkonkurransar. Då lagar dei eit bad av gelantin og glukose, og duppar dei kalde rettane i det før dei stiller dei ut. Dette hjelper til at maten held seg fast og på plass, og ikkje misser den friske glansen.