Eple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eple på eit epletre i Sverige.
Foto: Bengt Nyman
Eplet 'Red Boy'
Ulike epleslag ved ei fransk utstilling.

Eple er fruktaapalen (Malus domestica). Apal høyrer til rosefamilien og stammar frå Malus sieversii, eit anna tre i epleslekta som framleis veks vilt i Sentral-Asia. Ein dyrkar no eple over heile verda, og det finst over 7 500 ulike eplesortar. Dei kan ha ulike eigenskapar, både i høve til utsjånad, smak og bruksområde. Nokre er gode til å eta rå, andre er betre eigna til matlaging, og andre passar best til å laga sider av.

I 2018 blei det produsert 86 million tonn eple i verda. Nær halvparten av produksjonen fann stad i Kina.[1]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «eple» stammar frå norrønt epli.[2] Opphavleg viste dette til villeple.[3] I tillegg til å skildra eplefrukta, har ordet «eple» òg blitt brukt om alle slags frukter og nokre grønsaker på fleire europeiske språk.[4] På norsk kan «eple» eller «jordeple »vera eit anna namn for potet, som på fransk pomme [de terre]. Ordet «appelsin» tyder eigentleg 'kinesisk eple'.[5] Ordet finst òg i namna til mange andre frukter, som granateple eller stjerneeple.

Noko som har form som eit eple kan også få denne nemninga, som adamseple, augeeple og rikseple.[2][3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ulike epleslag skil seg mykje gjennom forma til frukta. Ho kan også ha ulike storleikar. Eple til utsal har som regel ein diameter på 7-8,5 cm.

Eple har ei rund form som kan vera tilnærma kulerund, flattrykt (flatrund) eller egg-, kjegle- eller valseforma. Nokre kan ha ribber eller kantar. Fruktene kan vera regelmessige, eller meir utvikla på ei side. Stilken kan ha ulike lengder og sitja i eit søkk eller på toppen av eplet. Auget på andre sida av eplet er danna av restane av blomen etter at frukta er forma, og desse kan anten stå opp og retta tippane sine mot kvarandre, stå opp utan å møta kvarandre, ligga flatt med spissane innover, ligga bretta og vera opne, delvis opne eller lukka over auget, eller ligga bretta og peika utover.[6]

Skalet kan ha ulike tjukkleikar og vera meir eller mindre glatt, glansa eller voksaktig. Det kan ha ein grunnfarge, som grønt eller gult, og ein dekkfarge som ulike variantar av raudt. Mønster på skalet kan til dømes vera flammar, flekkar, marmorering, striper og prikkar. Ofte kan solsida av eplet vera sterkare farga enn den motsette. Eplene kan også ha eit brunt, kork- eller rustaktig lag som dekkjer delar av skalet.[6]

Fruktkjøtet kan vera kvitt, lysegult, grønkvitt, raudt eller rosa. Det har gjerne lik konsistens gjennom heile eplet, men kan ha karstrengar. I midten av eplet sit ein frøkjerne som typisk inneheld 5-8 frø.[7] Denne kan vera i midten av eplet, nær stilken eller nær auget.[6]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Pommes d'amour, søte kjærleikseple

Eple vert ofte etne som rå frukt, men kan òg brukast i matlaging. Eplesafta vert brukt rein eller i enkelte drikker, som sider og calvados.

Eple blir mellom anna etne med honning under rosj hasjaná, den jødiske nyttårsfeiringa, som symbol på eit søtt nytt år.

Eple i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Den forbodne frukta som Adam og Eva åt av kallar ein me i dag gjerne eit eple, og den gule kveden som sådde splid mellom greske gudinner er òg blitt til eit stridseple.

I norrøn gudetru åtte Idun eple som heldt gudane unge, og eple går igjen som lækjande eller drepande frukter som i boka Draumen om Narnia eller eventyret om Snøkvit. Wilhelm Tell er kjend for å ha treft eit eple på sonen sitt hovud, og vitskapsmannen Isaac Newton skal ha utvikla teorien sin om tyngdekrafta fordi han såg eit eple falla frå eit tre.

Eplesortar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sommareple

  • Kvit Astrakan (Glaseple)
  • Transparent blanche
  • Gyllenkroks Astrakan

Hausteple

  • Säfstaholm
  • Raud Säfstaholm
  • Raud Melba
  • Haugmann
  • James Grieve
  • Raud Grieve
  • Prinsar
  • Lobo

Vintereple

  • Signe Tillisch
  • Gul Gravenstein
  • Raud Gravenstein
  • Fuhr
  • Coxs pomona
  • Åkerø
  • Filippa
  • Kaupanger
  • Coxs orange
  • Lextons superb
  • Silkeeple (Annie Elisabeth)
  • Ingrid Marie
  • Ribston
  • Raud Ribston
  • Torstein
  • Raud Torstein

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Apple production in 2018; Crops/World Regions/Production Quantity». FAOSTAT, UN Food & Agriculture Organization, Statistics Division. 2019. Henta 12. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 «eple» i Nynorskordboka.
  3. 3,0 3,1 «eple» i Det Norske Akademis ordbok
  4. «apple | Origin and meaning of apple by Online Etymology Dictionary», www.etymonline.com (på engelsk), henta 10. mai 2021 
  5. «appelsin» i Nynorskordboka.
  6. 6,0 6,1 6,2 Rosie Sanders (2010). The Apple Book. White Lion Publishing. s. 10. ISBN 9780711245129. 
  7. «Can Apple Seeds Kill You?», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 15. mai 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eple