Glasharmonika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Benjamin Franklin sitt glasharmonika. Ei av glasklokkene er vist oppe til høgre.

Glasharmonika eller glasharpe er eit musikkinstrument som vart oppfunnen av Benjamin Franklin i 1761. Han var på besøk i England og høyrde Edmund Delaval spille på (ståande) glas og vart imponert. Han ville vidareutvikla instrumentet. Det gjorde han ved å tre glasklokker med hol i botnen inn på ein felles horisontal aksel. Ein pedal festa til ei sveiv fekk akselen og dei ulike stemde glasklokkene til å rotere. Ved nøye gradering av storleiken til glasklokkene fann Franklin fram til ein meir presis og konsekvent skala enn det som var mogleg ved å stemme klokkene med vatn. Når kanten av glasklokkene ligg så nær kvarandre, kan ein mykje enklare få fram akkordar og løp enn når glasa står ved sidan av kvarandre. Musikaren må vera fuktig på fingrane og røra kanten på klokkene, dermed oppstår vibrasjonar i klokkene og det vert skapt tonar.

Eit halvt hundreår tidlegare hadde irlendaren Richard Pockrich skapt musikk ved å stryka kanten på drikkeglas med fukta fingrar. Glasa vart stemd ved å fylle dei med ulike mengder vatn.

I Amerika vart oppfinninga til Franklin ganske populær, men i Mellom-Europa fekk det mykje større gjennomslag. Marianne Davies, ein virtuos som vart kjent med familien Mozart i 1773, gjorde at instrumentet vart godt kjend. Instrumentet hadde glanstida si i Europa fram til omtrent 1830. I Storbritannia kunne det likevel høyrast i varietélokale og nokre gonger på evangeliske møte utover 1800-talet. På 1900-talet fekk glasharmonikaen nytt liv ved den tyske virtuosen Bruno Hoffmann.

Til kunstbiennalen i Venezia i 2015 skreiv den norske samtidskunstnaren Camille Norment, verket «Rapture» for kor og glasharmonika.[1]

Mozart, Carl Philipp Emanuel Bach, Beethoven, Donizetti, Richard Strauss, Damon Albarn, Tom Waits, Hasse, Jan Erik Mikalsen (Oslo), Régis Campo, Etienne Rolin, Philippe Sarde, Michel Redolfi, Cyril Morin, Stefano Giannotti, Thomas Bloch, Guillaume Connesson har komponert stykke for glasharmonika.

Glasharmonika / Thomas Bloch (2007).

Video[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moore, Dorian. «OCA: Venice Biennale 2015» (på engelsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]