Gaetano Donizetti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gaetano Donizetti
Gaetano Donizetti 2.jpg
Fødd 29. november 1797
Bergamo
Død

8. april 1848
Bergamo

Sjanger opera, Messe, kantate
Yrke komponist

Domenico Gaetano Maria Donizetti (29. november 17978. april 1848) var ein italiensk toneskapar frå Bergamo i Lombardia. Saman med Gioacchino Rossini og Vincenzo Bellini var han dei fremste skaparane av bel canto-operaer i den fyrste halvdelen av det 19. hundreåret. Gjennom sine verk i bel canto-stil påverka han mange andre toneskaparar, til dømes Giuseppe Verdi. Donizetti laga i alt 70 operaer.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Giuseppe Rillosi: Portrett av Gaetano Donizetti

Donizetti fekk allereie i unge år framhjelp frå komponisten Simon Mayr, som ordna det slik at Donizetti fekk stipend til ein skule Mayr dreiv. På denne skulen vart Donizetti grundig lært opp i kunsten å lage ei fuge og kontrapunkt. Mayr spelte også ei viktig rolle då han fekk plass til den unge Donizetti ved akademiet i Bologna. I 1822 slo Donizetti seg ned i Napoli, der han arbeidde for Domenico Barbaja og Teatro di San Carlo. Fram til januar 1844 hadde han husvære i Napoli.

Teatro San Carlo i Napoli, kring 1830

Føre 1830 hadde Donizetti størst suksess med sine komiske operaer. Den fyrste minneverdige suksessen fekk han med ein opera seria, Zoraida di Granata, som hadde premiere i 1822 i Roma. Premieren på Anna Bolena i 1830 fekk stor innverknad både på den italienske og internasjonale operascenen. Suksessen med Anna Bolena gjorde at han kunne lage verk av meir dramatisk karakter, endå om han også skapte nye komediar som L'elisir d'amore (1832) og Don Pasquale (1843). Også store historiske drama som Lucia di Lammermoor i Napoli i 1835 og ei av dei meste vellukka operaene i Napoli, Roberto Devereux frå 1837, vart vel mottekne. Til dess hadde alle operaene hans hatt ein italiensk libretto.

Donizetti kjende seg meir og meir hemja av dei grensene sensuren sette i Italia, særleg i Napoli. Kring 1836 søkte han mot Paris der han kunne velje tema friare. Samstundes som han kunne få større innkomer og prestisje. Frå 1838 arbeidde han mykje ved opéraen i Paris, som bestilte to nye verk. Han laga fleire operaer til fransk språk og fekk sett opp verk frå si tid i Italia.

Tidleg i 1840-åra reiste Donizetti jamt og samt mellom Napoli, Roma, Paris og Wien og var alle stadene med i å sette opp eigne og andre komponistar sine operaer. Frå 1843 byrja alvorleg sjukdom å sette grenser for arbeidet hans. Tidleg i 1846 vart han lagd inn på ein institusjon for mentalt sjuke. Siste månadene før han døydde i april 1848 budde han hos vener i Bergamo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]