Glenfinnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glenfinnan
landsby
Land  Skottland
Kart
Glenfinnan
56°52′15″N 5°26′47″W / 56.870833333333°N 5.4463888888889°W / 56.870833333333; -5.4463888888889
Wikimedia Commons: Glenfinnan

Glenfinnan er ein landsby i Highland i Skottland. Han ligg i i Lochaber-området i det skotske høglandet. I 1745 byrja jakobittopprøret her då prins Charles Edward Stuart («Bonnie Prince Charlie») reiste flagget sitt på breidda av Loch Shiel. Sytti år seinare blei det 18 m (60 fot) høge Glenfinnan-monumentet reist ved eine enden av lochen til minne om den historiske hendinga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Charles Edward Stewart gjekk i på Eriskay i Dei ytre Hebridane då han kom til Skottland frå Frankrike, og drog til fastlandet i ein liten robåt. Han kom i land ved Sound of Arisaig, like vest for Glenfinnan. Då han kom til det skotske fastlandet, møtte han ei lita gruppe skottar frå Clan Donald. Stuart venta i Glenfinnan på fleire highlanderar frå klanane Donald, Cameron, Macfie og MacDonnell.

Den 19. august 1745 meinte Stewart han hadde nok militær støtte, og steig opp på årsen nær Glenfinnan medan MacMaster av Glenaladale heiste det kongelege krigsflagget. Stewart kunngjorde for dei samla klanane at han gjorde krav på den britiske trona i namnet til faren sin, James Francis Edward Stuart. To sekkepipespelarar var med Stewart då han heiste flagget sitt over Glenfinnan. Etter at kravet var kunngjort blei det delt ut brandy til dei samla Highlander-styrkane for å feira høvet.

Åtte månader seinare enda jackbittoppreisten i 1745 i nederlag i Slaget ved Culloden den 16. april 1746. Stewart kom tilbake til området etter slaget ved Culloden då han flykta frå regjeringstroppane leia av prins William, hertugen av Cumberland. Etter å ha gøymd seg hjå lojale støttespelarar gjekk han ombord på eit fransk marinefartøy ved kysten av Loch nan Uamh nær staden han hadde gått i land og reist flagget sitt året før. Tronkrevjaren døydde i Roma i 1788 utan å sette foten på skotsk jord igjen. Prince's Cairn markerer staden han forlet for å dra i eksil.

Highlander-monumentet[endre | endre wikiteksten]

Den ukjente høglandaren

I 1815 var ikkje lenger jakobittarsaka eit politisk trugsmål mot det hanoverianske monarkiet i Storbritannia. Alexander Macdonald av Glenaladale, ei mindre grein av Clan Donald, bygde eit minnestårn på Glenfinnan til minne om heisinga av flagget til Karl Edvard Stuart. Tårnet, som er 18 meter høgt, blei utforma av den skotske arkitekten James Gillespie Graham.[1] Bygginga blei delvis finansiert av rikdommen som kom frå slaveplantasjar på Jamaica som far til Macdonald, som òg heitte Alexander, åtte.[2] I 1835 blei det lagt til ein statue av ein anonym highlander, som ved oppføringa blei referert til som Karl Edvard Stuart, utført av John Greenshields.[3]

Glenfinnan Viaduct ved Glenfinnan

Glenfinnan ligg omtrent halvvegs mellom Fort William og Mallaig på den pittoreske jernbanelinja West Highland Railway. I tillegg til ei vanleg jernbanesteneste frå ScotRail blir linja brukt av dei dampdrivne Jacobite-toga. Det ligg eit privat jernbanemuseum ved stasjonen, som nyttar det gamle billettkontoret, den ubrukte signalboksen og nokre gamle vogner.

Viadukt[endre | endre wikiteksten]

Sir Robert McAlpine bygde Glenfinnan-viadukten mellom 1897 og 1898. Viadukten er bygd av betong og har 21 bogar med strekk på 15 meter (49 fot) og når ei høgd på 30 m (100 fot) over dalen. For å feira hundreårsjubileet for viadukten i 1997 blei det avdekka ein plakett ved foten til ein av bogane.

Landskapet der viadukten ligg er svært scenisk, og er mykje brukt av filmprodusentar. I 1969 blei det nytta i Ring of Bright Water, med Bill Travers og Virginia McKenna i hovudrollene. Seinare blei det vist i film-serien Harry Potter. Hogwarts Express blir filma medan han kryssar viadukten i fleire av filmane, frå og med Harry Potter og Chamber of Secrets frå 2002. Toget som blei filma er turisttoget Jacobite Steam-Locomotive Train.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

I Highlander-universet er Connor og Duncan MacLeod begge skottar fødde i Glenfinnan i høvesvis 1518 og 1592. Eilean Donan slott blei brukt i staden for Glenfinnan i franchisen.

Loch Shiel og Highlander-minnesmerket med Glenfinnan viadukt heilt til høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Boundless magazine article, Sept/Oct 2020, page 25
  2. Carrell, Severin (7 January 2021). «Slave trade links of Scotland's Glenfinnan memorial revealed». The Guardian (Guardian Media Group). Henta 4 February 2024. 
  3. Gunnis, Rupert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Glenfinnan