Glideflate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei glideflate eller glideplan er bergartsflater som er danna langs eit forkastingsplan. Ein kan ofte sjå glidestriper på flate i same retning som rørsla. I tillegg kan ein sjå polering.

Glideplan vert òg nytta om krystallografiske plan som deler av ein krystall kan forskyve seg langs under plastisk deformasjon. Dei er ulike frå spalteflatene. Tvillinglameller oppstår ofte langs slike glideplan på grunn av trykkpåverknad (t.d. hos kalsitt).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]