Kalsitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kalsitt
Calcite.jpg
Kalsittrombe som syner dobbeltbryting
Generelt
Kategori Karbonatmineral
Kjemisk formel CaCO3
Strunz-klassifisering 05.AB.05
Krystallsymmetri Trigonal 32/m
Einingscelle a = 4.9896(2) Å, c = 17.0610(11) Å; Z=6
Identifikasjon
Farge fargelaus eller kvit, òg grå, gul, grøn,
Krystallform Krystallinsk, korna, stalkittisk, konkresjonar, massiv, romboedrisk.
Krystallsystem Trigonal heksagonal ulikesida (32/m), Romgruppe (R3 2/c)
Tvilling Vanleg av firetvilling-lova
Kløyv perfekt på [1011] tre retningar med vinkel 74° 55'[4]
Brot Muslig
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 3 (definerande mineral)
Glans glasaktig til perleaktig på kløyvflater
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt 2.71
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Einaksa (-)
Brytingsindeks nω = 1.640 – 1.660 nε = 1.486
Dobbeltbryting δ = 0.154 – 0.174
Oppløyselegheit Oppløyseleg in fortynna syrer
Andre eigenskapar Kan fluorescere raud, blå, gul og andre fargar under anten kortbølgja eller langbøjga UV-stråling. Fosforescerande
Kjelder [1][2][3]

Kalsitt eller kalkspat er eit mineral som består av kalsiumkarbonat, CaCO3. Det er eit av dei vanlegaste minerala i jordskorpa.[5] Under den kjemiske formelen inngår òg aragonitt. Kalsitt kan vere bergartsdannande og vert då kalla kalkstein eller marmor. Han finst i organismar med kalkskal som til dømes muslingar, korallar, foraminiferar og trilobittar. Kalsitt er eit vanlig mineral og er fargelaust, eller farga av ureinleikar. Skalenoedriske, romboedriske og prismatiske former opptrer i kombinasjonar. Det har ein seksida avsluttande pyramideform. Krystallar opptrer med breie, flate ender, eller med lange tynne spissar. Kalsitt er ofte korna eller massiv. Det er ein bestanddel i kalksteinsmarmorar og andre sedimentære og metamorfe førekomstar, og det finst i hydrotermale gangar og magmatiske bergartar.

Dobbeltbrytning[endre | endre wikiteksten]

Dobbeltbrytning kan lett observerast i vassklåre spaltestykke av kalsittkrystallar, som kalles dobbeltspat eller islandsspat. Lys som passerer gjennom desse vil bli spalta i to stråler. Dette inneber at ein kan sjå eit dobbeltbilete av ein lekam, når ein ser den gjennom spaltestykket. Kalsitt viser denne dobbeltbrytninga særskild godt. Dobbelbrytninga vart oppdaga i 1669 av den danske fysikeren Erasmus Bartholin i kalsitt frå Island.[6][7]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

  • Kalkstein med høgt innhald av kalsitt vert nytta til å framstille kalk og sement.
  • Vassklåre spaltestykke med dobbeltbrytande effekt kan nyttast i optiske instrumenter.[8]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mineral Data Publishers
  2. Calcite at Mindat
  3. Calcite at Webmineral
  4. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr., Manual of Mineralogi, Wiley, 20th, 1985, p. 329 ISBN 0-471-80580-7
  5. Most abundant mineals The Lithosphere: Earth's Crust.By Gregory L. Vogt.Twenty-First Century Books, 2007.ISBN 0761328386, 9780761328384
  6. Dobbeltbrytning Store Norske Leksikon
  7. "Erasmus Bartholin." Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 23 Mar. 2009
  8. Dobbeltspat Store Norske Leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]