Glockner-massivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Glockner-massivet sett frå sør

Glockner-massivet er eit område i den midtre delen av fjellkjeda Hohe Tauern i Alpane i Austerrike. Glockner-massivet ligg i forbundslanda Tirol, Salzburg og Kärnten. Dei tre forbundslanda møtest på fjellet Eiskögele (3 423 moh).

Høgste fjelltoppen i Glockner-massivet, og samstundes det høgste fjellet i Austerrike, er Großglockner, 3 798 meter over havet. Større delar av Glockner-massivet høyrer til kjerneområdet til nasjonalparken Hohe Tauern. Pasterze, den største isbreen i Austerrike, ligg i Glockner-massivet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]