Guru Gobind Singh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gobind Singh)
Guru Gobind Singh

Fødd 22. desember 1666
Patna
Død

7. oktober 1708 (41 år)
Nanded

Yrke guru, lyrikar, filosof
Språk panjabi
Far Guru Teg Bahadur
Mor Mata Gujri
Ektefelle Mata Jito, Mata Sundari, Mata Sahib Kaur
Guru Gobind Singh på Commons

Guru Gobind Singh dji[1] (22. desember 16667. oktober 1708) var den tiande og siste av dei ti sikh-guruane og vart guru den 11. november 1675 som etterfølgjar etter far sin guru Teg Bahadur. Føre guru Gobind Singh døydde, utpeikte han den heilage skriftsamlinga Guru Granth Sáhib som den neste, evige sikh-guruen. Denne boka er dermed meir enn ei heilag bok for sikhane.

Guru Gobind Singh var fødd i Patna i Bihar i India.

Rolla som sri guru Gobind Singh dji (òg stundom skrive som «Govind»), den tiande og siste av dei ti sikh-guruane og grunnleggjarane av sikh-trua, var monumental. Han levde som eit eksempel på sikh-trua gjennom eit liv med store personlege tap: Gobind miste far sin, mor si og alle dei fire sønene sine i den religiøse krigen mot Mughal-keisaren i si tid, Aurangzeb. Aurangzeb kravde at alle sikhar laut konvertere til islam eller bli drepne. Det var i denne krigen at guru Gobind leid så store personlege tap.

Guru Gobind Singh seiest å ha knote saman dei lause trådane i sikh-trua. Han erklærte seg sjølv som den siste sikh-guruen og utnemnde boka Adi Granth, no kjend som Guru Granth Sáhib, som den evige sikh-guruen. Men autoriteten som Guru Granth Sáhib fekk var ein andeleg autoritet; fysisk, tidsbunden autoritet vart gjeven til sikhane som heilskap. Guru Gobind grunnla òg sikhdåpen med mottaking av vigslevatn.

Det følgjande er ei oppsummering av dei viktigaste høgdepunkta i livet åt guru Gobind Singh dji:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Lyd[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. panjabi ਗੁਰੂ ਗੋਬਿੰਦ ਸਿੰਘ ਜੀ ['guru: 'go:bind siṃgh ʥi:]