Guru Nának

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guru Nának

Fullt namngurmukhi ਗੁਰੂ ਨਾਨਕ, devanagari गुरु नानक [gurū nānak]
Fødd15. april 1469
FødestadNankana Sahib
Død7. mai 1539 (69 år)
DødsstadKartarpur
MorMata Tripta
EktefelleMata Sulakhni
BarnSri Chand, Lakhmi Das
Guru Nának (midten) i eit tenkt møte med guru Gobind Singh. Bilete frå 1700-talet.

Guru Nának (20. oktober 14697. mai 1539)var grunnleggjaren av sikhismen og den første av dei ti sikh-guruane.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Nának vart fødd i landsbyen Talvandi Rai Bhoai, no kjend som Nankána Sáhib, i nærleiken av Lahore i det noverande Pakistan. Foreldra hans, Mehta Kalu og Matta Tripat, var hinduar og høyrde til kjøpmannskasten. Allereie som gutunge var Nának fascinert av religion, og ønsket hans om å oppdaga livsmysteriet førte han etter kvart ut på lange reiser.

Nának vart gift med Sulkhni frå Batala, og dei hadde to søner, Sri Tjand og Lakhmi Das. Han fortsette den religiøse oppdagingsferda si som vanleg. Svogeren hans, mannen åt Nánki, syster hans, skaffa han arbeid som forvaltar av det offentlege kornlageret i Sultanpur.

Openberring[endre | endre wikiteksten]

Ein morgon da han var 28 år gammal, gjekk han som vanleg ned åt elva for å taka eit bad og meditere. Det er sagt at han var forsvunnen i tre dagar, og at han da han kom til syne att, fylt med Guds ande, sa: «Det finst ingen hindu og ingen muslim!» Frå denne tida av byrja han på misjonsarbeidet sitt.

Tradisjonen seier at han gjorde fire store reiser — inkludert til alle delar av India og til Arabia og Persia; og han vitja både Mekka og Bagdad. Han tala for hinduar, djainar, buddhistar, parsarar og muslimar. Han tala i tempel og moskéar og på ymse valfartsstader. Det var på denne tida han møtte Kabir (14411518), ein helgen som blir heidra av både hinduar og muslimar. Overalt der han fór tala guru Nának ut mot det han heldt for tomme religiøse ritual, valfart, kastesystemet, sati (enkjeofring) og tru på at visse heilage skrifter er naudsynt for å lære den sanne religionen. Aldri bad han tilhøyrarane sine om å følgje seg; han oppfordra muslimar til å vera sanne muslimar og hinduar til å vera sanne hinduar.

Guru Nának med hinduiske vismenn. Indisk måleri frå 1828-1830.

Religionsbygging[endre | endre wikiteksten]

Etter den siste av dei store reisene sine busette guru Nának seg i byen Kartapur i Panjab, ved Ravi-elva, der han heldt fram med å undervise i femten år til. Tilhengjarar frå mange stader kom og busette seg i Kartapur for å høyre på, syngje med og vera saman med han. I løpet av denne tida, da tilhengjarane hans framleis var hinduar, muslimar eller kva annan religion dei høyrde til, vart dei kjende som disiplane åt guru Nának, eller som sikhar. Det var òg her at tilhengjarane hans byrja å kalle han «guruen,» eller «læraren» sin. Guru Nának fortalde dei her at dei skulle ha hushald og ikkje leva åtskilde frå verda; det skulle ikkje vera prestar eller eremittar. Guru Nának innførte så langár, eller fellesmåltidet: Det vart kravd at hinduar og muslimar, høge kastar og låge kastar, skulle sitja saman under måltida. Det var her, på denne tida, at Lehna, seinare kjend som guru Angad Dev, kom og byrja å følgje guru Nának.

Rett føre guru Nának døydde, kalla han saman disiplane sine og bad dei om å syngje «Sohila» — kveldshymnen. Det seiest at kroppen hans forsvann om natta etter at han døydde, for på dette viset å tilfredsstille både dei hinduiske og muslimske tilhengjarane sine når det galdt kven av dei som skulle gjennomføre gravferda hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]