Vigslevatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vigslevatn i entrén till Katolska Kyrkan i Ystad.

Vigslevatn er vatn som har vorte velsigna av ein prest eller biskop, eller i nokre tilfelle av ein diakon. Det vert brukt i Den katolske kyrkja, Den ortodokse kyrkja og dei austlege ortodokse kyrkjene, Den gammelkatolske kyrkje, deler av Den anglikanske kyrkja og nokon andre kyrkjesamfunn. Vigslevatnet vert brukt til dåp (og vert då ofte kalla dåpsvann), velsigningar, asperges og nokre andre kyrkjelege handlingar. I mange kyrkjer finn ein vigslevasskar ved inngangen, som ein kan dyppa fingrane før ein gjer krossteiknet.

Vigslevatn vert rekna som eit symbol på dåpen.

Den anglikanske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

I Den anglikanske kyrkja vert brukt vigslevatn av den høgkyrkjelege delen av kyrkja, spesielt av anglo-katolikkar.

Det er vanleg, men ikkje universelt, med vigslevasskar i kyrkjer og katedralar. I tillegg vert det blant anna brukt til å velsigna gjenstandar, både kyrkjelege gjenstandar som religiøse statuar og krusifiks og andre gjenstandar som bilar og hus.

Den katolske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

I Den katolske kyrkja vert vigslevatnet rekna som eit sakramentalie, og det vert svært ofte brukt.

Vigslevasskar er obligatorisk i alle kyrkjer. Seremonien asperges vert brukt på enkelte festdagar i staden for vanleg syndsvedkjenning; forsamlinga vert då stenka med vigslevatn. Det vert òg brukt ved velsigningar av gjenstandar og eksorsisme.

Ein skil i Den katolske kyrkja mellom fire ulike typar vigslevatn:

  • Vanleg vigslevatn, som har vorte velsigna av ein prest eller biskop. Denne typen vert brukt i vigslevasskar og ved velsigningar. Tradisjonelt tilset ein litt salt for å verna vatnet, men dette vert ikkje alltid gjort i moderne tid.
  • Dåpsvatn, som er velsigna av ein diakon, prest eller biskop. Ved nauddåp vert òg vatn brukt som ikkje er velsigna på førehand; dette vert då gjerne rekna for å ha vorte velsigna gjennom nytta. Tradisjonelt tilsette ein litt salt, og dessutan at det kom noka heilag olje i det då presten dyppa ein finger som han hadde brukt til å salva dåpskandidaten med ned i vatnet. I moderne tid er det mindre vanleg å tilsetja salt, og det er òg vanlegare at ein tørkar av all olje frå fingrane rett etter salvinga
  • Gregoriansk vatn, eller konsekrasjonsvatn, som vert brukt ved kyrkjevigsle. Det er tradisjonelt tilsett litt vin, salt og oske.
  • Påskevatn, dåpsvatn som vert velsigna under påskevigilien. Tradisjonelt har ein velsigna så mykje at dei truande kan ta med seg nokon heim, og ein brukar dette vatnet ved dåp i tida etter påske.

Ortodokse kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Vigslevatn vert brukt i ortodokse kyrkjer til velsigningar og eksorsisme, og dessutan at det vanlegvis vert brukt ved dåp. Vigslevasskar finst i mange kyrkjer, men det er ikkje fullt så vanleg som i Den katolske kyrkja at dei truande dyppar fingrane i det. Mange ortodokse kristne velsignar seg med vigslevatn ved å drikka det, og det er vanleg å ta vare på ein del av det heime så ein kan drikka litt kvar morgon. Det kan òg brukast av lekfolk til å velsigna nokon eller noko når det ikkje er ein klerikar til stades.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]