Godert de Ginkell, 1. jarl av Athlone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Godert de Ginkell, 1. jarl av Athlone
Godard van Reede (1644-1703) (2).jpg
Fødd4. juni 1644
Slott Amerongen
Død11. februar 1703
Utrecht
LandNederland
MorMargaretha Turnor
FarGodard Adriaan van Reede
BarnFrederik Christiaan van Reede, Frederik Christiaan van Reede-Ginckel, 2nd Earl of Athlone

Godert de Ginkell, 1. jarl av Athlone (nederlandsk Baron Godard van Reede) (fødd 1644 i Amerongen, død 11. februar 1703 i Utrecht) var ein nederlandsk general i teneste for England under Vilhelm, prinsen av Oranien, som han følgde til England under den ærerike revolusjonen som avsette Jakob II.

Ginkel kjempa i den vilhelminske krigen i Irland der han kommanderte eit nederlandsk kavaleri i slaget ved Boyne. Då kongen vendte attende til England, vart general Ginkell øvstkommanderande for dei vilhelminske styrkane i Irland og han var medverkande til sigeren i slaget ved Aughrim, som meir eller mindre avgjorde krigen i Irland. Sidan Ginkell hadde utmerkt seg under krigen vart han gjort til 1. jarl av Athlone og baron av Aughrim av kongen.

Jarlen heldt fram i engelsk teneste og vart med kongen på kontinentet i 1693 der han kjempa i kringsetjinga av Namur i 1695 og slaget ved Neerwinden, og han assisterte i øydelegginga av det franske magasinet i Givet. I den spanske arvefølgjekrigen overtok Ginkell for prinsen av Nassau-Usingen i 1702 som feltmarskalk for den nederlandske hæren, under kommandoen til John Churchill, 1. hertugen av Marlborough, og som generalkaptein for dei engelsk-nederlandske styrkane.

Ginkell vart etterfølgd i 1703 av den eldste sonen sin, Godert de Ginkell, 2. jarl av Athlone (1668–1719), som utmerkte seg under Vilhelm III og dronning Anne.

Etter at den 10. jarlen av Athlone døydde utan born i 1844, forsvann tittelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]