Jakob II av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob II
King James II by Sir Godfrey Kneller, Bt.jpg
Konge av England
Regjeringstid6. februar 168511. desember 1688
Fødd14. oktober 1633
FødestadSt James Palace i London
Død16. september 1701 (67 år)
DødsstadSaint-Germain-en-Laye i Frankrike
Gift med1:Anne Hyde
2:Mary av Modena
FarKarl I
MorHenrietta Maria
Born21 barn til saman;
12 av dei døydde som barn;
6 av dei var utanomekteskapelege

Jakob VII av Skottland og Jakob II av England (14. oktober 163316. september 1701) vart skotsk, engelsk og irsk konge den 6. februar 1685. I engelskspråklege land er han kjend som James.

Han var den siste katolikken som var regjerande monark i desse landa. Mange av undersåttane hans hadde sterk mistru til religionspolitikken hans og påståtte eineveldige ambisjonar, noko som førte til at han vart avsett gjennom den ærerike revolusjonen.

Etter at han vart avsett i 1689 vart han etterfylgd av dotter si, Maria II og hennar protestantiske mann Vilhelm III i staden for den katolske son sin, James Francis Edward, som vart kjend som The Old Pretender.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]