Gokstadfæringen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kopi av Gokstadfæringen

Gokstadfæringen var ein mindre båt som var funnen saman med Gokstadskipet. Funnet som vart gjort i 1880, er datert til kring år 900. Det vart funne tre mindre båtar i Gokstadfunnet. Dei var i mange fragment. Då Frederik Johannessen var ferdig med å rekonstruere Gokstadskipet i 1930, bygde han opp att to av desse båtane: ein færing på 6,5 meter og ein treroing på om lag 10 meter. Båe desse båtane er klinkbygde. Det har vore brukt svært granne bord. Færingen minner mykje om færingar ein ser på Vestlandet i våre dagar. Gokstadfæringen skil seg frå til dømes Oselvaren ved at stamnane er tilhogne slik at borgangane startar som ein del av stamnen. Dette finn ein og på større skip. Gokstadfæringen er for det meste bygd av eike. Øvste bordgangen er av furu. Det er og tofter og tiljer. Bak har han styreåre på styrbord side, slik ein finn på større skip.

Det har vorte bygd fleire kopiar av Gokstadfæringen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]