Gokstadskipet
Gokstadskipet er det største bevarte vikingskipet i Noreg. Skipet, som blei funne i «Kongshaugen» på garden Gokstad i Sandefjord i Vestfold og Telemark, står i dag i Vikingskipsmuseet på Bygdøy i Oslo. Skipet blei utgrave i 1880 under leiing av antikvar Nicolay Nicolaysen.
Fakta[endre | endre wikiteksten]
Skipet blei bygd om lag år 850–900. Det er eit mykje meir sjødyktig fartøy enn Osebergskipet
Inni Gokstadskipet låg skjelettet til ein mann på 50–70 år som var 1,85 m høg. Eit påfuglskjelett blei òg funne i skipet.
Mål
Teoriar[endre | endre wikiteksten]
Skipet blei nytta i gravferda til ein stormann som døydde omkring 900 e.Kr. Denne personen kan ha vore Olav Geirstad-Alv, ein småkonge i Vestfold på denne tida. Han var av ynglingeætt og i følgje Heimskringla døydde han på denne tida.
Gravhaugen blei truleg plyndra rett etter hauglegginga.
Kopiar[endre | endre wikiteksten]
«Viking» blei sigla over Atlanterhavet til verdsutstillinga i Chicago i 1893 av Magnus Andersen.
I 1990 blei «Gaia» sjøsett. Han er bygd på Bjørkedalen i Volda. Denne kopien har blitt sigla over Atlanterhavet til USA av Ragnar Thorseth.
I 1992 blei «Lofotr» sjøsett. Han er bygd til «Lofotr - Vikingmuseet på Borg» i Lofoten, som stod ferdig i 1995. I 1994 sokk «Lofotr» utanfor Hillesøy i Troms, men blei berga etter å ha stått nesten uskadd på 34 meters djup i 13 dagar. I dag er skipet ein viktig del av museet.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Gaia
- Vikingskip og norske trebåtar: Gokstadskipet
- Gokstadutgravinga (engelsk)
- Gokstadskipet (engelsk)