Golden Gate Bridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Golden Gate Bridge
Fort Point National Historic Site and Golden Gate Bridge.jpg
Offisielt namn Golden Gate Bridge
Transporterer Biltrafikk
Kryssar Golden Gate
Stad San Francisco i USA
Materiale Stål
Total lengd 2 737 m
Breidd 27 m
Opna 27. mai 1937

Golden Gate Bridge er ei hengebru over Golden Gate, munningen av San Francisco-bukta i Stillehavet. Brua bind saman San Francisco med Marin County. Denne berømte raude brua er 2,7 km lang. Den er ein del av California State Route 1.

Brua blei bygd mellom 1933 og 1937, og er med sitt 1280 meter lange hovudspenn ei av verdas lengste hengebruer. Den var inntil 1964 verdas lengste bru totalt. Brua er ei vektankra hengebru, og 1280 meter med ope vatn passerer under dei to høge brutårna av stål. Dei to hovudkablane er spente mellom to elegante tårn og veg 11 000 tonn kvar.

Hovudkablane er laga av over 25 000 individuelle vaierar, og overfører vertikalkrefter frå brudekket til tårna.

Golden Gate Bridge var ein suksess og hadde tent inn kostnadane på 75 millionar dollar innan 1971. Berre reisande på veg sørover inn i San Francisco måtte betale bompengar. Dei siste 70 åra har brua stått imot eit utal jordskjelv, inkludert det øydeleggande skjelvet med styrke på 7,1 på Richters skala i 1989. Brua har berre vore stengd tre gongar på grunn av sterk vind i heile historia si.

Fall frå brua[endre | endre wikiteksten]

Kvart år døyr ca. 25 menneske etter å ha hoppa frå brua. I mars 2011 overlevde ein 17 år gammal gut etter å ha falle dei 60 meterane ned til sjøen og i april same år overlevde ei 16 år gamal jente.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]