Hengebru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prinsippskisse av ei hengebru.

Hengebru eller hengjebru er ei bru hengd opp i kjettingar eller kablar som er spende ut mellom høge pilarar eller tårn.[1]

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Enkel hengebru i Zillertal-Alpane.
Askøybrua i Bergen.

Dei opphavlege hengebruene var laga av berre tauverk og tre, utan avstivingsberar. Slike primitive hengebruer kan lett koma i svinging.[2] Dei er spende ut mellom to høge punkt og heng ned i ein boge mot midten. Moderne hengebruer er laga med avstivingsberarar, brubjelkar som er hengde opp i berekablar.[2] Medan berekablane bøyer seg ned, er sjølve brua flat eller stigande mot toppen.

Når ein byggjer ei moderne hengebru strekk ein først berekablane over tårna. Berekablane blir forankra i grunnen, til dømes ved å sprengast inn i berg, eller til ein annan massiv konstruksjon. Ein byrjar monteringa av brubanebjelken med midtseksjonen og fortset symmetrisk mot tårna på kvar side.[2]

Sidan tårna stort sett tar opp vertikale trykkrefter, og får god støtte frå hovudkablane, kan dei vera ganske slanke – som ved Severn-brua nær Bristol i England. Hengebruer har vanlegvis minst to tårn, men det finst også bruer med berre eitt tårn, til dømes Kjerringvikstraumen bru.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Luding-brua i Sichuan.

Enkle hengebruer er kjende både frå Sør- og Sentral-Amerika, særleg knytt til Inkariket, og frå Himalaya-regionen. Svært enkle hengande taubruer kunne vera av tau eller lianar der ein gjekk på eitt tau og heldt seg i eitt eller to andre. Eit meir stabilt underlag fekk ein når ein la plankar oppå to kablar.[3]

I Tibet og Kina tok ein i bruk jernkablar til å laga hengebruer, med ei slik bru over Yangtze tidfest til 600-talet. Den tibetanske munken Thang Tong Gyalpo skal ha bygd fleire jernbruer på 1400-talet, som Chakzam-brua med eit berekna spenn på rundt 137 meter. Luding-brua i Sichuan frå 1703 har eit spenn på 100 meter og heng framleis.[4]

Presentasjon av James Finley si Chain Bridge.

På 1800-talet byrja ein utvikla moderne hengebruer som kunne bera tyngre køyretøy. Jacob's Creek Bridge i Westmoreland County i Pennsylvania frå 1801 var den første slike brua i USA. Ho blei utforma av James Finley,[5] som tok patent på konstruksjonen i 1808.[6] Brua blei skadd i 1825 og erstatta av ei trebru i 1833.

Diagram av brua over Menai-sundet som ein byrja bygga ved Bangor i Wales i 1820.

I Storbritannia var tidlege suksessar Union-brua over Tweed-elva (1820) med eit spenn på 137 meter, og Menai-brua frå 1826 med eit spenn på 176 meter, «den første viktige moderne hengebruar».[7]

Ved å bruka ståltau som kablar kunne ein utvida spennet att. Brooklynbrua i New York frå 1870–83 har eit spenn på 486 meter.[2] Ho blei utforma av brupioneren John A. Roebling, som også bygde ei toetasjes bru over Niagara i 1855. Dette var den første verksame hengebrua for jernbane.

Nokre hengebruer[endre | endre wikiteksten]

Brooklyn Bridge i New York er ei av dei eldste hengebruene i USA

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Olsen, Svein Magne (1946-) (1988). Bruer og brubygging i Rogaland. Stavanger: Dreyer bok. s. 43-44. ISBN 8270962163. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Øderud, Hans Thomas & Nordahl, Rasmus S. (24. september 2013), «Bro», Store norske leksikon 
  3. Needham, Joseph. (1986d). Science and Civilization in China: Volume 4, Physics and Physical Technology, Part 3, Civil Engineering and Nautics. Taipei: Caves Books Ltd. ISBN 0-521-07060-0, 187–189.
  4. Peters, Tom F. (1987). Transitions in Engineering: Guillaume Henri Dufour and the Early 19th Century Cable Suspension Bridges. Birkhauser. ISBN 3-7643-1929-1. 
  5. «Iron Wire of the Wheeling Suspension Bridge». Smithsonian Museum Conservation Institute. 
  6. Bridges: Three Thousand Years of Defying Nature. MBI Publishing Company. 12 November 2001. ISBN 978-0-7603-1234-6. 
  7. Encylopaedia Britannica