Golta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Golta
øy
Golta sett frå Goltosen
Land  Noreg
Fylke Vestland fylke
Kommune Øygarden kommune
Kart
Golta
60°13′19″N 5°00′14″E / 60.222°N 5.004°E / 60.222; 5.004
Wikimedia Commons: Golta

Golta er ei øy i Øygarden kommune i Vestland fylke.[1] Folketalet er 42 (2011).

Golta er skilt frå øya Sotra med den tronge kanalen Goltastraumen. Over denne går Golta bru. Øya er nesten delt på midten av kanalen Vogga, og busetjinga er stort sett samla rundt dette delingspunktet. Mens Vogga er berykta for ville brottsjøar, er det ei lun vik på motsett side mot, Goltosen, og det er òg bygd ein molo i Goltasundet. Høgste punktet er Goltaberget (44 moh).

Goltastraumen og Golta bru

Fisket var rikt i vikene rundt Golta, og det kom stadig silde- og makrellstimar inn i dei tronge buktene som kunne stengast av med garn. Ibuarane på øya var difor velståande på 1700- og 1800-talet. Frå slutten av 1800-tallet vart fisket organisert i eit landnotlag, dette var i drift fram til rundt 1950.[2]

Folketalsutvikling:

1801[3] 1900[4] 2001[5]
32 46 41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Golta, Statens Kartverk
  2. Golten landnotlag Fylkesarkivet
  3. Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  4. Folketeljing 1900 for Sund herred, frå Digitalarkivet
  5. Arvid Skogseth, Sund på Søre Sotra, bd. 4 (Sund kommune, 2015)