Gordon Bajnai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gordon Bajnai (2009)

György Gordon Bajnai (fødd 5. mars 1968) er ein ungarsk politikar og var statsminister i Ungarn frå 14. april 2009 til 29. mai 2010. Han vart fødd i Szeged. Bajnai studerte internasjonal politikk i Budapest.

Gordon Bajnai vart statsminister i Ungarn 14. april 2009 etter at den sitjande statsministeren, Ferenc Gyurcsany gjekk av. Bajnai kjem frå det same partiet som Gyurcsany, Det ungarske sosialistpartiet (Magyar Szocialista Párt) og førte vidare den same partikoalisjonen som Gyurcsany leia. Etter sosialistpartiet sitt massive valnederlag i 2010 gjekk han av som statsminister.