Viktor Orbán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viktor Orbán
Viktor Orbán cropped.jpg
Fødd 31. mai 1963 (55 år)

Flag of Hungary.svg Ungarn Székesfehérvár, Ungarn

Parti Fidesz
Yrke Jurist
1. verv Statsminister i Ungarn
 - periode 1998–2002
 - føregangar Gyula Horn
 - etterfylgjar Péter Medgyessy
2. verv Statsminister i Ungarn
 - periode 2010–

Viktor Orbán (fødd 31. mai 1963) er ein ungarsk politikar for Fidesz. Han var statsmininister i Ungarn frå 1998 til 2002 og igjen frå 2010.

Orbán blei født i Székesfehérvár, der familien hans busette seg i 1977. Han fullførte gymnaset i 1981 og avtente militærtenesta mellom 1981 og 1982. Deretter studerte han jus ved Eötvös Loránd-universitetet i Budapest. Han tok juridisk embetseksamen i 1987. Dei neste to åra budde Orbán i Szolnok, men pendla til Budapest der han arbeidde i landbruks- og fødevareministeriet.

Orbán var ein av grunnleggjarane av Fidesz (unionen av unge demokratar), som blei skipa30. mars 1988. Den 16. juni 1989 talte Orbán på Heltanes gate då Imre Nagy og andre nasjonale martyrar frå oppstanden mot dei sovjetiske okkupantene i 1956 blei minna. Han forlangte frie val og at sovjetiske troppar blei trekte ut av landet. Talen blei møtt med stor nasjonal begeistring. Sommaren 1989 deltok Orbán i opposisjonen sine forhandlingar i samand med ei demokratisk maktovertaing.

I 1990 blei han medlem av det ungarske parlamentet og frå 1993[1] leiar av Fidesz. Partiet blei omforma frå ein radikal studentorganisasjon til eit sterkt høgreorientert politisk parti under hans leiing. I 1995 endra partiet namn til Fidesz-MPP (unionen av unge demokratar/Det ungarske borgarpartiet). Partiet vann parlamentsvala i 1998 og Orbán blei statsminister. Han blei med dette den yngste statsministeren i ungarsk historie.

I mars 1999 skreiv han under på avtalen som gjorde Ungarn til medlem av NATO.

Orbán er gift med juristen Anikó Lévai. Dei har fem barn.

Han har fått Freedom Award av American Enterprise Institute og New Atlantic Initiative (2001), storkrossen av den nasjonale fortenstorden i Ungarn (2001), Förderpreis Soziale Marktwirtschaft (2002) og Mérite Européen-prisen (2004).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «CV of Viktor Orbán», orbanviktor.hu

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]