Gorzów Wielkopolski

Koordinatar: 52°44′0″N 15°15′0″E / 52.73333°N 15.25000°E / 52.73333; 15.25000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gorzów Wielkopolski
Bysentrum
Bysentrum
Bysentrum
Flagget til Gorzów Wielkopolski Byvåpenet til Gorzów Wielkopolski
Flagget til Gorzów Wielkopolski Byvåpenet til Gorzów Wielkopolski
Motto
«Miasto wielu możliwości»
(Byen med dei mange moglegheitane)
Plassering
Gorzów Wielkopolski is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Lubusz-voivodskapet
Grunnlagd
Byrettar
1200-talet
1257
Borgarmeister Tadeusz Jędrzejczak
Geografi
Flatevidd
 - By

86 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

125 204
  1456/km²
Koordinatar 52°44′0″N 15°15′0″E / 52.73333°N 15.25000°E / 52.73333; 15.25000
Høgd over havet 19 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 66-400 til 66-414
Telefon-retningsnummer +48 095
Bilnummer FG
Nettstad: www.gorzow.pl


Gorzów Wielkopolski (tysk Landsberg an der Warthe) er ein by vest i Polen ved elva Warta med om lag 125 000 innbyggjarar. Sidan 1999 har han vore ein av to hovudstadar i Lubusz-voivodskapet (den andre er Zielona Góra), og tidlegare var han hovudstad i Gorzów voivodskap (1975-1998).

Det største oljefeltet i Polen ligg nær Gorzów.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fram til midten av 1200-talet låg det ei festning bygd av Piast-dynastiet i landområder der elvane Kłodawka og Warta møtte kvarandre. [1]. I 1249 selde den polske hertugen Bolesław Rogatka Lubusz Land, inkludert staden der dagens Gorzów ligg, til Markgrevskapet Brandenburg og byen Landisberch Nova vart grunnlagd på staden i 1257. Byen var på denne tida innanfor grensene til regionen Neumark i Brandenburg. På 1500-talet kom byen inn under luthersk kontroll.

Landsberg vart ein del av Kongedømet Preussen i 1701. Etter napoleonskrigane i 1815 vart han ein del av provinsen Brandenburg i Preussen. Byen vart del av Det tyske keisardømet i 1871 under samlinga av Tyskland. Før 1945 hadde byen ein stor tysk folkesetnad, men tidleg på 1900-talet var det òg ein stor del jødar og tsjekkarar.

Tidleg i 1945 under den andre verdskrigen vart Landsberg hardt råka av kampar mellom Wehrmacht og den raude arméen. Den raude arméen kom til byen 30. januar 1945, frå venstresida av Warta. Wehrmacht hadde alt evakuert det meste av byen og dei sovjetiske styrkane møtte liten motstand. I løpet av dei neste dagane vart det meste av sentrum av byen øydelagd, visstnok på grunn av ein brann, som vart tent for å lyse opp marsjruta til sovjetarane mot Küstrin, og som spreidde seg til store delar av sentrum.

Byen kom inn under Polen igjen etter Potsdamerkonferansen og den tyske folkesetnaden som var att vart kasta ut til Vest-Tyskland. Mellom februar og september 1945 forsvann dei fleste tyskarane frå byen, medan polske nybyggjarar kom til.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gorzów Wielkopolski

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyklopedia Powszechna PWN Warsaw 1976