Motto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Demonstrantar med slagord på plakatar og det brasilianske flagget, som har nasjonalmottoet «Ordem e Progresso» ('Orden og framsteg') på seg.

Motto, parole, slagord, slogan eller valspråk er ein kort setning eller eit fyndord som har ei viss tyding for ein person, ei slekt eller ei større eining, som ein institusjon eller ein stat. Slike ord kan til dømes uttrykka kva beraren set høgast eller kva som er grunnkarakteren deira. Mange valspråk er skrivne på latin.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «motto» er eit lånord frå italiensk og tyder eigentleg 'ord'. «Parole» tyder det same på fransk. «Valspråk» eller «valord» og «slagord» kjem frå tysk. «Slogan» er eit nyare lånord frå engelsk og kjem opphavleg frå gælisk for 'kamprop'.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Mottoet, beltet og skjoldet til den engelske HosebandordenenWindsor slott: Honi soit qui mal y pense ('skam for den som tenkjer vondt om dette').

«Motto» er i norsk språk gjerne forbunde med ein privatperson sitt syn på livet, gjerne som eit fyndord og ein leveregel, f.eks. «Mitt motto er 'Smil til livet, og det smiler attende'». Ordet kan også visa til ein setning som står først i ei bok eller eit kapittel for å visa tendensen eller innhaldet.

Ein brukar gjerne ordet «valspråk» om mottoet til ein monark eller andre framståande personar, til dømes riddarane av den danske Elefantordenen og den svenske Serafimerordenen. Nokre slekter har valspråk som dei kan ha valt sjølve og/eller har blitt tildelt ved adling. Somme riddarordenar har eigne valspråk, som for eksempel den engelske Hosebandordenen. Kongelege og nasjonale valspråk kan brukast på myntar og konge- eller riksvåpen. Valspråka til slekter og ordenar kan få plass på våpenskjoldet deira.

Ordet «slagord» blir gjerne brukt i samband med idrettslag og kampanjar, som fotballklubbar, reklamekampanjar og politiske demonstrasjonar. Om sistnemnde kan ein også bruka ordet «parole».

Døme[endre | endre wikiteksten]

Alle dei tre norske kongane etter 1905 har teke valspråket «Alt for Norge», mens dei svenske kongane har teke ulike valspråk. Den noverande svenske kongen Carl XVI Gustav tok som sitt valspråk «För Sverige i tiden».

«Einige og tru til Dovre fell» er den såkalla Eidsvollseiden frå 1814, og denne har blitt kalla Noreg sitt nasjonale motto.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]