Blåseinstrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mann med ciaramella eller piffero, eit italiensk blåseinstrument med to røyrblad.
Første sats frå Liten symfoni for ni blåsarar (Opus 216, 1885) av Charles Gounod. Blåseinstrumenta er fløyte, to oboar, to klarinettar, to valthorn og to fagottar.

Blåseinstrument er ei gruppe musikkinstrument der ein lagar lyd ved å blåsa luft gjennom instrumentet. I Hornbostel-Sachs-systemet er blåseinstrument klassifiserte som aerofonar.

Blåseinstrument lagar lyd ved at ein får ein luftmasse til å vibrera i ein resonator. Dette kan gjerast ved at ein bles inn i eller forbi eit munnstykke med hòl i ein ende av instrumentet. Kva tone ein får er avhengig av lengda eller volumet til luftmassen, og kan endrast ved hjelp av fingerhòl, klaffar, ventilar og liknande i resonatoren eller gjennom korleis ein bles. Blåsemåte, resonatorfom og speleteknikk påverker alle klangen frå instrumentet.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

I samband med vestleg orkestertradisjon deler ein gjerne blåseinstrument inn i to undergrupper: Treblåseinstrument som tradisjonelt er blitt laga av tre, som fløyte, klarinett, obo, saksofon og fagott; og messingblåseinstrument som tradisjonelt er blitt laga av messing, som trompet, trombone, valthorn og tuba. Denne inndelinga dekkjer ikkje alle blåseinstrument, som instrument laga av horn eller leire, og kan vera misvisande i høve til utforminga av moderne instrument.

Ein annan måte å skilja treblåse- og messingblåseinstrument går ut på at ein skapar lyd i førstnemnde ved å blåsa mot ein skarp kant (som i blikkfløyte og blokkfløyte), røyrblad (som i klarinett og obo) eller over eit hòl (som tverrfløyte eller ei flaske/krukke), medan ein i sistnemnde skapar luftvibrasjonen ved at leppene vibrerer mot ein tubeforma resonator. Dette gjer at ein kan plassera instrument av tre, som alpehorn, didgeridoo og serpent, blant messingblåseinstrumenta, medan saksofon og sekkepipe høyrer til blant treblåseinstrumenta fordi ein får fram vibrasjonar i dei ved hjelp av røyrblad.

Også instrument der ein set luft i svingingar ved andre mekanismar enn å blåsa, som pipeorgel og trekkspel, kan reknast som blåseinstrument.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blåseinstrument

Kjelder[endre | endre wikiteksten]