Gotlandsruss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gotlandsruss - Prisvinnande hoppe på utstilling i Turku

Gotlandsruss er ein gammal svensk ponnirase som stammar frå øya Gotland. Det har jamt funnest frittlevande dyr på øya. Enno i dag finst der ein flokk hopper og ungdyr som går ute heile året på Lojsta Hed.

Raseskildring[endre | endre wikiteksten]

Gotlandsrussen skal etter rasestandarden vere ein nøysam, sterk ponni med godt lynne. Han skal vere allsidig, harmonisk og ha gode proporsjonar. Mankehøgda bør aller helst ligge innanfor 123-126 cm.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå førhistorisk tid har det gått frittlevande, små hestar på Gotland. I 1859 var det jordskifte, og beiteområda der hestane gjekk minka. Talet på gotlandsruss minka kraftig. Nokre vart skotne, og andre sende til dei britiske øyane som gruveponniar. Folk frykta at gotlandsrussen skulle forsvinne for godt, og sette inn tiltak. På 1880-talet sette godseigar Willy Wöhler i gang ponnistutteri på Klinteby. Ein mykje brukt avlshingst var Olle 2, som var ein krysning mellom gotlandsrusshoppe og ein syrisk ponni. Dei fleste gotlandsruss i dag nedstammar frå Olle 2. På 1930-talet var det så lite som 30 hopper i avl, og for å minske faren for innavl vart to welsh-hingstar sett inn i avl.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Det finst gotlandsruss mellom anna i Sverige, Danmark, Finland, Noreg og USA. Det har også vorte eksportert einskilde dyr til Holland, Hellas og Spania.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har gotlandsrussen vore i bruk i jordbruket og skogbruket. I dag er dei fleste barne- eller familieponniar. Gotlandsrussen er også mykje brukt i ponnitrav.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]